Utfør budsjettkontroll for ungdomsbedrifta Lykkeliten
Forretningsideen til Lykkeliten UB lyder:
«Vi i Lykkeliten UB ønskjer å planleggje og gjennomføre bursdagsselskap for barn frå fire til ti år i Vindafjord kommune.»
Produktet dei tilbyr, er planlegging, gjennomføring og oppfølging av barnebursdagar i gymsalen på Lundeneset vidaregåande skule. Det overordna målet er å få 20 % i forteneste av salsinntekta.
No har Lykkeliten UB gjennomført aktivitetane sine i 4. kvartal og skal utføre ein budsjettkontroll.
Kalkulasjon | Kroner |
---|---|
Salsinntekt | 30 000 |
– Varekostnad | 7 500 |
= Bruttoforteneste | 22 500 |
Løn | 10 500 |
Avskrivingar | 450 |
Andre driftskostnader | 2 400 |
– Sum faste kostnader | 13 350 |
= Driftsresultat | 9 150 |
+ Renteinntekter | 30 |
= Resultat | 9 180 |
Kalkulasjon | Kroner |
---|---|
Salsinntekt | 27 200 |
– Varekostnad | 4 850 |
= Bruttoforteneste | 22 350 |
Løn | 15 400 |
Avskrivingar | 450 |
Andre driftskostnader | 4 210 |
– Sum faste kostnader | 20 060 |
= Driftsresultat | 2 290 |
+ Renteinntekter | 5 |
= Resultat | 2 295 |
Filer
Last ned Excel-malen for budsjettkontroll.
Legg inn tala frå resultatbudsjettet og resultatrekneskapen, og utfør budsjettkontroll.
Kva for avvik bør Lykkeliten UB analysere nærare?
Klarte Lykkeliten UB å nå målet sitt om 20 % forteneste? Kan det vere andre målsetjingar som er meir relevante for ei ungdomsbedrift?
Relatert innhald
Du skal setje opp salsbudsjett, innkjøpsbudsjett, resultatbudsjett og likviditetsbudsjett for Lykkeliten UB.
Lykkeliten UB – oppgåve i rekneskap og priskalkylar