Hopp til innhald

Økonomi

Økonomi er eit omfattande tema med pengar som fellesnemnar. I budsjettet planlegg vi kor mykje vi kjem til å tene, og kva vi skal bruke pengane på. I mange bedrifter er lønn ein stor kostnad. Ved årsslutt lagar vi ein rekneskap og vurderer han opp mot budsjettet.

Budsjett

Å lage eit budsjett er å planleggje inntekter og kostnader. Bedrifter lagar resultatbudsjett og likviditetsbudsjett. Budsjettet skal både styre og inspirere oss i arbeidet med å nå målet til bedrifta.