Oppgåve
Lønsemd og nøkkeltal
For å vurdere lønsemda til ei bedrift bereknar vi økonomiske nøkkeltal. Vi kan samanlikne lønsemda til bedrifter i same bransje ved å samanlikne nøkkeltal.
Bruk proff.no og sjå på rekneskapsopplysningar for to bedrifter i same bransje. Nøkkeltala fortel deg om den økonomiske utviklinga i bedriftene.
Finn nøkkeltala for dei to bedriftene ved å søkje dei opp på proff.no, og legg tala inn i den vedlagde arbeidsboka.
likviditetsgrad 1 – oppgitt som «likviditetsgrad»
rentabilitet av eigenkapital før skatt – oppgitt som «lønsemd»
eigenkapitalprosenten – oppgitt som «soliditet»
Gå gjennom nøkkeltala med ein medelev. Kva inneber det at nøkkeltala går opp eller ned? Kan de tenkje dykk nokre årsaker til at bedriftene har fått betre eller dårlegare økonomi?
Relatert innhald