Hopp til innhald
Oppgåve

Vurdere nøkkeltalet likviditet

Likviditet er evna bedrifta har til å betale rekningar til rett tid. Det er viktig for bedriftene å ha god likviditet. I denne oppgåva skal du samanlikne likviditeten i ulike bedrifter.

Balansen

Når vi skal vurdere likviditeten i ei bedrift, samanliknar vi omløpsmidlane med den kortsiktige gjelda.

Omløpsmidlar finn vi som debet (på venstresida) i balansen, og består av kontantar, bankinnskot og varelager.

Kortsiktig gjeld finn vi som kredit (på høgresida) i balansen, og består av leverandørgjeld, og anna kortsiktig gjeld. Kortsiktig gjeld er gjeld som skal betalast innan eitt år.

Oppgåve

Vel to bedrifter som du vil undersøkje, gjerne frå nærmiljøet. Nytt nettsida proff.no og søk opp bedriftene. Gjer deg kjend på nettsida. Du skal nytte fanene regnskap og nøkkeltall.

Likviditetsgrad 1

Gå inn på fana regnskap på proff.no. Berekn likviditetsgrad 1 for dei tre siste åra, for begge bedriftene. Nytt formelen nedanfor:

Likviditetsgrad1=OmløpsmidlerKortsiktig gjeld

Kontroller utrekninga di ved å sjekke likviditetsgrada som du finn under fana nøkkeltall.

Proff.no reknar berre ut likviditetsgrad 1 som nøkkeltal, såg likviditetsgrada som står på proff.no, er likviditetsgrad 1.

Likviditetsgrad 2

Gå inn på fana regnskap på proff.no. Berekn likviditetsgrad 2 for dei tre siste åra, for begge bedriftene. Nytt formelen nedanfor:

Likviditetsgrad 2 =(Omløpsmidlar - varelager)Kortsiktig gjeld

Du må finne verdien av varelageret og trekkje beløpet frå omløpsmidlane. Då får du dei mest likvide omløpsmidlane, som du samanliknar med den kortsiktig gjelda.

Arbeidskapital

Gå inn på fana regnskap på proff.no. Berekn arbeidskapitalen for dei tre siste åra, for begge bedriftene. Nytt formelen nedanfor:

Arbeidskapital=omløpsmidlar-kortsiktig gjeld

Oppsummering

Du har no rekna ut likviditetsgrad 1 og 2, og dessutan arbeidskapital, for to bedrifter, og sett på utviklinga over tre år.

Kva har du funne ut om likviditeten i bedriftene?

Finn nøkkeltalet for lønsemd (totalrentabilitet) for bedriftene på proff.no. Ser du noko samsvar mellom likviditeten og lønsemda til bedriftene?

Relatert innhald

Fagstoff
Nøkkeltalet likviditet

Med likviditet meiner vi at bedrifta har god betalingsevne, slik at ho kan gjere opp forpliktingane sine til rett tid.