Hopp til innhald
Fagartikkel

Nøkkeltalet likviditet

Med god likviditet meiner vi at bedrifta har god betalingsevne – at ho kan gjere opp forpliktingane sine til rett tid. Betalingsevna er vel så viktig som dei økonomiske resultata.

Likviditet

Med god likviditet meiner vi at bedrifta har god betalingsevne – at ho kan gjere opp dei økonomiske forpliktingane sine til rett tid. Betalingsevna er vel så viktig som dei økonomiske resultata. Vi analyserer likviditeten ved å finne arbeidskapital og berekne likviditetsgrad 1 og 2.

Ei bedrift kan leve relativt lenge med dårlege resultat, men ikkje med dårleg likviditet. Det å ikkje kunne gjere opp for seg, vil nemleg øydeleggje all tillit leverandørar og bankar har til bedrifta.

Det er viktig å følgje opp likviditeten i bedrifta. På same måten som vi kan berekne nøkkeltal på grunnlag av rekneskapen, kan vi òg berekne nøkkeltal på grunnlag av likviditetsbudsjettet, altså på førehand.

Arbeidskapital

Arbeidskapital blir oppgitt som eit beløp, men det er ikkje nødvendigvis pengar som finst på ein bankkonto. Vi nyttar talet som eit utrykk for den økonomiske handlefridommen til bedrifta.

Omløpsmidlar er dei mest likvide eigedelane våre. Det vil seie at omløpsmidlar anten er pengar, eller at dei relativ enkelt kan gjerast om til pengar. Desse pengane kan mellom anna nyttast til å betale den kortsiktige gjelda.

Vi reknar ut arbeidskapitalen ved å ta summen av omløpsmidlane minus kortsiktig gjeld. Altså:

Balanse

Eigedelar

Eigenkapital og gjeld

Anleggsmidlar

Eigenkapital

Omløpsmidlar

Langsiktig gjeld

Kortsiktig gjeld

Arbeidskapital = Omløpsmidlar - kortsiktig gjeld

Likviditetsgrad 1 og 2

Vi uttrykkjer likviditetsgradene som forholdstal, ikkje beløp eller pengesum slik som arbeidskapitalen. Vi uttrykkjer likviditeten i form av nøkkeltala likviditetsgrad 1 og likviditetsgrad 2.

Likviditetsgrad 1 (LG1)

I begge nøkkeltala nyttar vi omløpsmidlar og kortsiktig gjeld. For å rekne ut likviditetsgrad 1 finn du beløpet som utgjer omløpsmidlane, og deler dette på beløpet som er kortsiktig gjeld. Likviditetsgrad 1 bør vere minst 2, det vil seie at summen av omløpsmidlane bør vere dobbelt så store som den kortsiktige gjelda.

Likviditetsgrad (LG1) = OmløpsmidlarKortsiktig gjeld

Likviditetsgrad 2 (LG2)

I dette nøkkeltalet trekkjer vi først varelageret ut frå omløpsmidlane, deretter blir dette delt på kortsiktig gjeld slik som i LG1. Vi fjernar varelageret, som er det tyngst omsettelege omløpsmiddelet, frå formelen. Det tek som regel noko tid å selje varelageret. Vi sit då igjen med det vi kallar for dei mest likvide omløpsmidlane.

Likvidtetsgrad 2 bør vere minst 1, det vil seie at dei mest likvide omløpsmidlane bør vere like store som den kortsiktige gjelda, eller større.

Likviditetsgrad 2 (LG2) = Omløpsmidlar - varelageretKortsiktig gjeld

Ein grei tommelfingerregel blir altså at likviditetsgradene skal vere:

LG12

LG21

Dette kravet er kanskje høgare i dei fleste bransjar, men kan vere eit godt utgangspunkt for vurderingane du gjer om likviditet.