Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåve med nøkkeltal

I oppgåva skal du utforske moglegheitene for å berekne nøkkeltal. Nokre rekneskapstal kan du finne offentleg tilgjengeleg, men tal for gjestedøgn må du spørje bedrifta om å få.
Bilete av Dale-Gudbrands gard. På eit treskilt står namnet på garden, at dei har servering og overnatting, og eit merke for norsk kulturarv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1 – rekneskapstal

Søk på nettet, bruk til dømes proff.no, og finn rekneskapsopplysingar for eit hotell du kjenner til.

Oppgåve 2 – nøkkeltal

Finn eller rekn ut nøkkeltala for det valde hotellet ditt. Du må ha tal for minst to år for å kunne samanlikne

  1. rentabilitet av eigenkapital før skatt
  2. likviditetsgrad 1
  3. eigenkapitalprosenten

Nøkkeltala fortel deg om den økonomiske utviklinga for hotellet. Kan du tenkje deg til nokon av årsakene til at hotellet har god, eller dårleg, økonomi?

Oppgåve 3 – analyse av belegg og losjiinntekter

Søk opp det valde hotellet ditt på nettet. Du kan som regel finne ut kor mange rom og kva prisar dei tek for romma på ein nettstad. Dette er offentleg informasjon. Viss det er ulike prisar for romma, reknar du ein gjennomsnittleg pris. Set det opp i ein inndataboks.

For å kunne rekne ut nøkkeltala belegg og losjiinntekter treng du fleire detaljar enn det som er offentleg. Då må du ta kontakt med hotellet du har valt ut, og be om følgjande rekneskapstal:

  1. salsinntekter fordelte på overnatting og matservering
  2. talet på utleigde rom, gjestar og senger i løpet av eit år

Får du ikkje tak i desse tala, kan du bruke eigne oppdikta tal.

Du kan med desse opplysningane rekne ut belegg i rom og belegg i senger, og losjiinntekter i gjennomsnitt for rom og senger.

Når du har rekna ut nøkkeltala for belegg og losjiinntekter, skal du samanlikne dette med gjennomsnittleg pris på romma.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 22.02.2021

Læringsressursar

Lønnsemd og berekraft