Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva bestemmer forma til molekyla?

Utforsk oppbygninga til nokre molekyl, og finn ut kva som påverkar kva form dei har.
Molekylmodellar av fire ulike molekyl. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om oppgåva

I denne oppgåva skal du undersøkje kva som bestemmer kva form molekyl har. Dette er nyttig å kjenne til når du seinare skal undersøkje eigenskapane til ulike stoff.


Desse oppgåvene er kanskje det første møtet ditt med dette emnet? Du vil sannsynlegvis møte ord og fenomen som er heilt nye for deg. Det er ikkje forventa at du skal forstå alt med ein gong.

Hugs at du kan bla att og fram mellom sidene slik du sjølv vil.

Lykke til med utforskinga!

TIPS! Det du skriv inn i denne oppgåva, kan eksporterast til ei eiga fil på siste slide.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2019

Læringsressursar

Bindingar mellom molekyl