Hopp til innhald

Fagstoff

Hydrogenbindingar – dei sterkaste kreftene mellom molekyl

Dei sterkaste kreftene som verkar mellom molekyl, er hydrogenbindingar. Det er hydrogenbindingar mellom molekyla i vatn og is, og DNA-molekylet blir halde saman av hydrogenbindingar.
Molekylmodellar som viser struktur av flytande vatn og is. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hydrogenbindingar gir stoff overraskande eigenskapar

Grafen under viser kokepunkt for ulike . Sambindingane som tilhøyrer same , har lik oppbygning, men massen til sambanda søkk frå periode 5 til periode 2.

Fordi strukturen til sambanda er lik, kan vi tenkje oss at det er endringa i massen som gjer at søkk når vi går mot venstre i grafen.

Når massen minkar, vil òg styrken på tiltrekkingskreftene mellom molekyla minke. Det blir lettare å slite molekyla frå kvarandre, slik at vi får stoffa til gå frå væskeform til gassform. Ein annan måte å seie dette på er at kokepunktet til stoffa blir lågare.

Før du dreg gardina til side: Korleis trur du kokepunkta for hydrida i periode 2 vil fordele seg?

Kvifor trur du det?

Vart du overraska? Dei lettaste stoffa har dei høgaste kokepunkta!

Forklaringa er at vi i periode 2 har sterkt stoff som oksygen, nitrogen og fluor. Desse trekkjer sterkt på elektrona i , og molekyl desse stoffa er ein del av, blir gjerne veldig polare.

Hydrogen blir tiltrekt av oksygen, fluor og nitrogen

Hydrogenbinding mellom ammoniakk og vatn. Illustrasjon.

Hydrogenatom i -O–H, -N–H og -F–H blir sterkt tiltrekte av oksygen, nitrogen og fluor i nabomolekyl. Sjølv om tiltrekkinga mellom desse stoffa er relativt sterk, er ho framleis berre 5–10 prosent så sterk som .

Fordi desse kreftene alltid finst mellom hydrogen i eit molekyl og oksygen/nitrogen/fluor i eit anna molekyl, har dei fått namnet hydrogenbindingar.

Hydrogenbindingar kan dannast mellom hydrogenatom som er bundne til oksygen, fluor eller nitrogen i eitt molekyl og til oksygen, fluor eller nitrogen i eit anna molekyl.

Hydrogenbindingar held DNA-molekylet saman

DNA-molekylet finst i alle organismar og inneheld informasjon om korleis ein organisme skal sjå ut og fungere. Eit DNA-molekyl er bygd opp av to trådar med nitrogenbasar. Nitrogenbasane blir haldne saman av hydrogenbindingar. H-atom med litt positiv ladning blir tiltrekte av O- eller N-atom med litt negativ ladning på motsett tråd.

Utsnitt av oppbygginga til eit DNA-molekyl. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slik blir trådane haldne saman og dannar den dobbelttråda DNA-spiralen.

Sidan kreftene som held trådane, ikkje er like sterke som det kovalente bindingar er, kan dei nokså lett skiljast frå kvarandre når det trengst. Dette skjer mellom anna når det skal lagast ein kopi av den eine tråden, i prosessen der kroppen lagar nye protein (proteinsyntesen).

Vasstransport i planter

Vassmolekyl blir transporterte opp i eit tre. Illustrasjon.

Det er nesten utruleg at vatn kan transporterast frå bakken og mange meter opp i høge tre. Noko av forklaringa ligg i at vassmolekyla blir tiltrekte av kvarandre. Det er hydrogenbindingar mellom molekyla.

I tillegg til krefter som verkar mellom vassmolekyla, verkar det òg krefter mellom vassmolekyla og røyrveggane i stammer og stenglar. Dette gjer at det kan dannast høge vassøyler slik at vatnet kan transporterast til det ytste bladet på den øvste greina på eit 100 meter høgt redwood-tre!

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 12.09.2019

Læringsressursar

Bindingar mellom molekyl