Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kokepunkt og krefter mellom molekyl

Kvifor har ulike sambindingar ulike kokepunkt? Undersøk kreftene som verkar mellom molekyl.
Molekylmodell som viser korleis atom deler elektron i ei kovalent binding. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Molekyl er polare eller ikkje-polare

Atom i polare molekyl deler ikkje likt på elektrona. Molekyla kan dermed få ei ladning utetter.

Atom i ikkje-polare molekyl deler likt på elektrona. Slike molekyl har ikkje ei permanent ladning utetter. Sidan dei delte elektrona er i rørsle, oppstår det mellombelse ladningsskilnader i desse molekyla. Dette gjer at ikkje-polare molekyl òg kan bli tiltrekte av kvarandre.

Utforsk korleis det oppstår krefter mellom molekyla når dei er i nærleiken av kvarandre.

  1. Dra molekyla inntil kvarandre. Legg merke til kva som skjer.
  2. Prøv ut, og kombiner både like og ulike molekyl.

Alle molekyl blir tiltrekte av kvarandre – styrken varierer

Sjølv om alle molekyl blir tiltrekte av kvarandre, er det ulike mønster og styrkar i tiltrekningskreftene.

Det er to typar tiltrekkingskrefter mellom molekyl:

  • dipol–dipol
    tiltrekkingskrefter mellom polare molekyl
  • ikkje-dipol–ikkje-dipol
    tiltrekkingskrefter mellom upolare molekyl

Utforsk skilnaden i styrke for desse tiltrekkingskreftene med molekyl som er omtrent like store.

  1. Bruk nedtrekksmenyen til å velje molekyl du vil undersøkje.
  2. Dra i stjerna for å slite molekyla frå kvarandre.

Polare versus ikkje-polare molekyl

Simuleringa viser molekyla i ein drope frå ei væske som er polar, og ein drope frå ei væske som er ikkje-polar. Når du varmar opp desse væskene, vil dei byrje å koke, slik at molekyla blir slitne frå kvarandre.

  1. Bruk knappane for å varme opp (eller avkjøle) væskene.
  2. Bestem omtrentleg temperatur for når dei to væskene byrjar å koke.

Dette er ei omarbeidd utgåve av Intermolecular Attractions and Boiling Point frå Concord Consortium.

CC BYRettshavar: Concord Consortium
Sist fagleg oppdatert 19.12.2019

Læringsressursar

Bindingar mellom molekyl