Hopp til innhald

Fagstoff

Polare molekyl – ladningen er ujamt fordelt

Atom av ulike typar trekkjer ulikt på elektrona som bind dei saman. Dette kan gi polare molekyl, men det kjem an på forma til molekylet.
Modell av to molekyl. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Polare molekyl er dipolar

Når atom trekkjer ulikt på elektronparet i ei binding, oppstår det ladingsforskjellar. Bindinga som held atoma saman, blir kalla .

På denne måten kan eit molekyl få ein del som er delvis positivt ladd og ein del som er negativt ladd. Dette vil vere eit polart molekyl. Vi kallar slike molekyl dipolar.

Modell av eit molekyl som har to polar. Illustrasjon.

Legg merke til at eit molekyl kan vere upolart på utsida, sjølv om det er polare bindingar på innsida i molekylet:

CO2 har polare kovalente bindingar mellom oksygen og karbon. Trass i dette så er molekylet upolart på utsida. Ladingane på innsida i molekylet ligg slik i forhold til kvarandre, at dei opphevar kvarandre.

I HCl er det polar kovalent binding mellom klor og hydrogen. Dette gir ein negativ ende der vi finn klor-atomet og ein positiv ende der vi har hydrogen-atomet. HCl er eit polart molekyl.

Er molekylet polart? Undersøk om det har

  • minst éi polar kovalent binding – finn forskjellen i elektronegativitet mellom atoma i molekylet
  • ei form som gjer at ladingane internt i molekylet ikkje opphevar kvarandre – bruk elektronprikk-struktur og VSPER-modellen til å føreseie forma til molekylet
Molekylmodellar av polare molekyl i eit felt med og utan elektrisitet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 13.09.2019

Læringsressursar

Bindingar mellom molekyl