Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Aggregattilstandar

Undersøk korleis partiklar i gassar, væsker og faste stoff beveger seg. Finn ut korleis temperatur og krefter mellom partiklane påverkar faseovergangar.
Nærbilete av isbitar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis verkar krefter mellom partiklar i gassar, væsker og faste stoff?

Stoff kan vanlegvis vere i tre ulike tilstandar:

  • fast form
  • væske
  • gass

(Det finst òg ein fjerde aggregattilstand, , men den er du ikkje innom i denne aktiviteten.)

I denne aktiviteten skal du undersøkje modellar av eit stoff ved ulike temperaturar.

Sjølve atoma (og molekyla) forandrar seg ikkje når temperaturen blir endra. Men kreftene mellom partiklane, og kor mykje dei beveger seg, bli påverka av temperaturen.

Gassar

  1. Klikk på avspelingsknappen for å sjå korleis atom i ein gass beveger seg.
  2. Merk to atom. Legg merke til korleis atoma beveger seg i forhold til kvarandre.

Væsker


  1. Trykk på avspelingsknappen for å sjå korleis atom og andre partiklar beveger seg i ei væske.
  2. Merk to atom. Legg merke til korleis dei to atoma beveger seg i forhold til kvarandre.

Fast form

  1. Klikk på avspelingsknappen for å sjå korleis atom beveger seg i eit stoff som er i fast form.
  2. Merk to atom. Legg merke til korleis atoma beveger seg i forhold til kvarandre.

Faseovergangar

Tilstanden eit stoff er i, blir bestemd av temperatur og tiltrekningskrefter mellom partiklane stoffet er bygd opp av.

Utforsk kva rolle temperatur og tiltrekkingskrefter mellom partiklar (Van der Waals-krefter) har på tilstanden til eit stoff.

Dette er ei omarbeidd utgåve av Intermolecular Attractions and Boiling Point frå Concord Consortium.

Kjelder

Grøn, Øyvind (2017, 31. mai). Absolutt temperatur. I Store norske leksikon. Henta 23. mars 2020 frå https://snl.no/absolutt_temperatur

Pedersen, Bjørn & Holtet, Jan A. (2018). Plasma – fysikk. I Store norske leksikon. Henta 19. desember 2019 frå https://snl.no/plasma_-_fysikk

The Concord Consortium (2019). States of Matter. Henta 18. desember 2019 frå https://authoring.concord.org/activities/11/bce2f4c7-1b36-4c8c-b6f0-0f619d6c58a2?show_index=true

CC BYRettshavar: Concord Consortium
Sist fagleg oppdatert 18.12.2019

Læringsressursar

Bindingar mellom molekyl