Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Oceans

Vi skal under havoverflata i denne naturdokumentaren. Det tok filmskaparane seks år å ferdigstille filmen, men takka vere banebrytande teknikk er resultatet unike filmopptak frå alle verdshava.

Om filmen


Filmen startar med å spørje oss: Kva er eit hav? Havet utgjer omtrent 70 prosent av jorda si overflate. Det vil seie ei enorm, og for mange løyndomsfull, verd som dei fleste av oss aldri har sett før.

Med sine vakre bilete og unike lydar viser Oceans livet sin sirkel under vatn. Vi ser alt frå maneter, krabber og sjøfuglar til større dyr som sel, kval og ikkje minst kongen i havet – kvithaien. Vi ser dyra jakte på mat og bevege seg kvilelaust rundt i havet. Vi får også sjå dyra si vandring gjennom årstidene. Dei beveger seg utan pause, fritt frå kontinent til kontinent. Filmen viser også sjødyr du kanskje aldri har sett før. Dette gir ei kjensle av at havet er ei uendeleg stor verd vi ikkje kjenner, og at det er mykje som står igjen å oppdage.

Oceans er ein etterfølgjar av filmen Earth, som er basert på TV-serien Planeten vår frå 2006. Oceans er laga av den franske Oscar-nominerte skodespelaren og regissøren Jaques Perrin.

Kor fritt lever dyra i havet i dag?

Først i siste del av dokumentaren ser vi menneska sine inngrep i havet. Mens vi tidlegare har sett sjødyra og fiskane bevege seg fritt med uendeleg blått hav i bakgrunnen, ser vi plutseleg bilete med fiskegarn og søppel som fyller hava våre. No er det menneskelege avfallet i ferd med å øydelegge heimen deira – den verda som ein gong tilhøyrde dyra.

Bileta av dyr som svømmer i søppel og forureina hav kan opplevast som brutale. Forteljarstemma i filmen understrekar at det ikkje finst nokon "reserveplanet", og bodskapet i filmen er at vi må dele jorda saman med dyreriket.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Økologi