Hopp til innhald

Fagstoff

Biologisk mangfald

Biologisk mangfald er mangfaldet av alt liv som finst på jorda. Det handlar ikkje berre om artane, men òg om variasjon i det genetiske mangfaldet innan artsgruppene, og om mangfaldet av leveområde som artane lever i.
Tredelt figur som viser ulike nivå av biologisk mangfald. Øvste del er eit DNA-molekyl og ugler. Midtarste del er ei samling av ulike artar. Nedste del er eit økosystem med ein innsjø, elv, tre og dyr. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Genetisk mangfald gjer at artar kan tilpasse seg

Det er genetisk variasjon innan ein art fordi individa har ulike utgåver av same gen. Denne variasjonen gjer at ein populasjon lettare kan tilpasse seg til endringar i miljøet.

Individa i to populasjonar av same art kan vere ulike fordi dei har tilpassa seg ulike miljø. Populasjonar av ein art som lever isolerte frå kvarandre, kan etter svært lang tid tilpasse seg til forskjellige miljø og utvikle seg til ulike artar.

Ulike typar aure. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Genetisk mangfald er nødvendig for at ein art skal overleve på sikt. Store bestandar har oftast fleire genvariantar, som gjer dei meir robuste til å tole miljøforandringar, mens små bestandar med innavl er meir sårbare.

Artsmangfald er summen av alle artar

Ein art blir gjerne definert som organismar som kan formeire seg med kvarandre og få forplantingsdyktig avkom. Det er registrert 44 000 artar i norsk natur, men det reelle talet er nærare 72 000, ifølgje Artsdatabanken.

På verdsbasis er det i dag registrert nær 2 millionar artar, men ein trur det kan vere så mange som 13–14 millionar. Artsmangfald er summen av alle artar eller den variasjonen av artar som finst i eit område.

Mangfald i leveområde gir rom for mange artar

Ulike naturtypar eller økosystem gir ulike livsvilkår for artane som lever der. som raudreven kan leve i mange ulike miljø. Andre artar, slik som fjellreven, er spesialistar og kan berre leve på stader med bestemde livsvilkår.

Bilete av ein fjellrev. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre naturtypar er svært artsrike, slik som urskog, mens andre naturtypar har få artar. Jo lengre tid ein naturtype har hatt på å utvikle seg, jo større artsmangfald finn vi der.

Variasjon i naturtypar gir levevilkår for eit mangfald av artar.

Kvifor skal vi ta vare på det biologiske mangfaldet?

Det biologiske mangfaldet har ein eigenverdi, samtidig som det skaper alle dei funksjonelle økosystema vi kjenner. Mangfaldet er ein føresetnad for trivsel og velvære for oss menneske.

Bilete av ein veps. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alt vi treng for å leve, hentar vi frå naturen. Planter som gir oss mat og medisinar, material til klede, møbel og bygningar, stammar frå viltveksande artar i naturen.

Argument for kvifor vi skal ta vare på det biologiske mangfaldet:

  • Eigenverdi: Det biologiske mangfaldet vi har i dag, har utvikla seg gjennom millionar av år. Vi har ei etisk og moralsk plikt til å ta vare på det for komande generasjonar.
  • Friluftsliv, rekreasjon og trivsel: Moglegheit for å ferdast i vakker, vill og urørt natur med eit variert plante- og dyreliv betyr mykje for trivsel og velvære. Alle artar har si rolle i det økologiske samspelet, og den genetiske variasjonen er viktig for å takle framtidige endringar i miljøet.
  • Indirekte bruksverdi: Nokre døme er at myrer hemmar flom, regnskog produserer mykje oksygen, og sandmorenar reinsar vatn.
  • Direkte bruksverdi: Det biologiske mangfaldet er ei kjelde til mat, brensel, medisinar, byggjemateriale og klede.
  • Potensiell verdi: Framtida vil gi oss moglegheiter som ikke er kjende eller utnytta i dag. Dette kan vere både direkte og indirekte verdiar.

Arealinngrep og klimaendringer truar mangfaldet

Arealendringar

Arealendringer er den største trusselen mot biologisk mangfald. Nokre artar er avhengige av å flytte på seg, og dei er dermed ekstra sårbare for den oppdelinga av leveområde som arealinngrep fører til.

Avskoging, gjengroing, nedbygging, oppdemming, drenering og oppdyrking er døme på korleis vi endrar naturtypar og levevilkåra til artane.

Klimaendringar

FNs klimapanel meiner at 20–30 prosent av alle artar står i fare for å døy ut på grunn av klimaendringar. Når temperaturar og nedbørsmønster endrar seg, vil artar freiste å tilpasse seg ved å flytte til andre område. Artar som ikkje greier å flytte på seg, eller som ikkje har nokon stad å dra til, kan døy ut.

Andre faktorar

Forureining, overhausting og framande artar er andre faktorar som påverkar naturmangfaldet.

Diskuter:

  • Det finst mange ulike artar på jorda. Er det så farleg om ein art forsvinn? Kva for konsekvensar kan det få om ein art døyr ut?
  • I teksten over er det fleire argument for kvifor vi skal bevare det biologiske mangfaldet. Er det nokre argument som er viktigare enn andre? Kva for argument synest de er viktigast?
  • Er det nokon artar det er viktigare å ta vare på enn andre?
  • Kva for konsekvensar kan klimaendringar få for det biologiske mangfaldet?
  • Kjenner de til truslar mot det biologiske mangfaldet i nærmiljøet dykkar?

Relatert innhald

Framande artar, med endra gen eller ikkje, kan ha føremoner i konkurransen og fortrengje populasjonar som naturleg høyrer heime i eit område.

Kjelde

Artsdatabanken (2022, 8. mars). Hvor mange arter finnes i Norge? Hentet 24. mars 2022 frå https://www.artsdatabanken.no/kunnskapsstatus?Key=896

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen, Kristin Bøhle og Svein Gunnar Råen.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2022

Læringsressursar

Økologi