Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

På jakt etter framande artar

Framande artar kan vere ein trussel mot det biologiske mangfaldet. Få oversikt over moglege problem, og gå på jakt etter framande artar der du bur.
Andefugl med raudt nebb og fargerik fjørdrakt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Les Artsdatabankens artikkel Hva er en fremmed art? og svar på spørsmåla.

  1. Kva er ein framand art?
  2. Kva er ein regionalt framand art?
  3. Korleis kjem framande artar seg til Noreg?
  4. Korleis kan klimaendringar påverke utbreiinga av framande artar?
  5. Kva kan vi gjere for å avgrense utbreiinga av framande artar?
  6. På kva måtar kan framande artar vere ein trussel for artar som finst naturleg hos oss?

Finn framande artar der de bur

Bruk kartet på Miljøatlas når de jobbar med oppgåvene.

  1. Finn døme på framande artar i nærleiken av der de bur.
  2. Bruk informasjonen om dei ulike artane som ligg i kartet. (Klikk på namnet på arten og vidare på lenka som ligg ved "Listestatus", for å få opp risikovurderinga for arten.)
    1. Vel ut nokre av artane, og finn ut kva trussel dei utgjer.
    2. Forsøk å finne artar som spreier seg på ulike måtar.
  3. Lag ei oversikt over det de finn ut. Ho kan til dømes innehalde følgande:
    • norsk og vitskapeleg namn
    • naturleg utbreiing
    • utbreiing i Noreg
    • risikokategori
    • spreiingsveg
    • ekspansjonshastigheit (kor raskt har arten potensial til å spreie seg?)
    • økologisk effekt
    • klimaeffektar
  4. Er det nokon av artane de kan hjelpe til med å kjempe mot? Undersøk om det finst informasjon om dette på nettsida til kommunen, eller ta kontakt med kommunen.
  5. Finst det døme på framande artar som er "ønskte" i Noreg? Kven er det i så fall som bestemmer kva som er ønskt og ikkje?
  6. Sprei kunnskap om framande artar ved å dele det de har funne ut. Kanskje de kan lage noko som eignar seg til deling i sosiale medium eller på infoskjermane på skulen?

Leit etter framande artar der de bur

Eit tiltak for å kjempe mot spreiing av framande artar er å hindre at artane etablerer seg. Då må vi vite kvar artane er.

  • Planlegg ein ekskursjon der de leitar etter framande artar, og kartlegg førekomsten. Ta kontakt med kommunen der de bur, eller der skulen ligg, og spør om dei har behov for hjelp til noko konkret.
  • De kan òg legge opp til å kjempe mot framande artar. Koordiner dette med kommunen. Det er mellom anna strenge reglar for korleis ein skal handtere framande plantar som ein har samla inn.
  • Bruk appen Artsorakel som hjelp når de skal finne ut kva artar de har funne.
  • Registrer gjerne funna de gjer, på nettsida Artsobservasjoner. Det er viktig at observasjonar blir dokumenterte med gode bilete, slik at dei som skal bruke informasjonen seinare, kan vere trygge på at artsbestemmingane de har gjort, er riktige.

Kjelder

Artsdatabanken. (2019, 1. desember). Regionalt framande artar. https://www.artsdatabanken.no/pages/241515/regionalt_framande_artar

Miljødirektoratet. (2019, 29. mai). Fremmede arter. https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/arter/fremmede-arter/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 11.08.2023

Læringsressursar

Økologi