Feltarbeid: Abiotiske og biotiske forhold i bekkar og elver
Føremålet med dette feltarbeidet er å undersøkje dei abiotiske og biotiske forholda i ein bekk eller ei elv, og bruke resultata til å vurdere forureiningsgrada i bekken/elva.
Vi kan finne ut ein del om statusen til ein bekk, det vil seie kor forureina eller forsura bekken er, med enkle målingar og observasjonar av
- lukta på vatnet
- skumdanninga
- korleis vatnet ser ut
- korleis botnen ser ut, og kva som veks der
- botndyr og artssamansetninga av desse
- utslepp, søppel og skrot i og ved vassførekomsten
- surleiksgrada til vatnet, pH-verdi
Kvar av eigenskapane kan vi klassifisere på ein skala frå 1 til 4 – frå ein bekk som ikkje er forureina, til ein bekk som er veldig forureina.
Merk av stasjonen du undersøkjer, på eit kart.
- Beskriv området.
- Bruk skjemaet, og klassifiser kvar av eigenskapane ved vassdraget.
- Fyll ein behaldar (syltetøyglas) med vatn frå bekken, og lukt på vatnet.
- Hald papirarket bak behaldaren, og vurder fargen på vatnet.
- Sjå om vatnet er uklart og har partiklar.
- Gå langs bekken, og observer om det er skumdanningar. NB! Skumdanning frå forureining dannar gjerne luftige, blåkvite eller brunaktige skumdottar. I fossar/stryk kan det danne seg naturleg skum som er tett og brunkvitt.
- Fyll ei vassprøveflaske. Ta ho med til skulen for å måle pH der, eller mål pH med ein gong.
- Studer botnen av bekken for å sjå kva som veks på steinane (sjå skjemaet).
- Noter om det er søppel, skrot, utslepp av kloakk og liknande i og ved bekken.
- Fyll plastbakken med vatn.
- Rot med stongsilen i botnen av bekken der det er mogleg, og før innhaldet over i plastbakken. Lat det stå roleg ei lita stund, så vil du sjå at smådyra begynner å bevege seg.
Finn ut kva slags dyr det er. Dei du ikkje klarer å bestemme, tek du med i glaset tilbake til skulen.
Forklar forskjellen på abiotiske og biotiske faktorar.
Lag ei oversikt over dei abiotiske og dei biotiske faktorane frå ditt område i bekken.
Vurdering av endeleg forureiningsgrad: Finn gjennomsnittstalet for alle eigenskapane, men hald pH-målinga utanfor. Bruk skjemaet, og grunngi korleis du vil klassifisere bekken på grunnlag av alle målingane og observasjonane. Føreslå forsuringsklasse på grunnlag av pH-målinga.
Samanlikn resultata frå ulike lokalitetar langs same vassdrag, og prøv å vurdere kva eventuelle forskjellar kan kome av.
Korleis vil dei ulike forureiningsgradene påverke livet i bekken?
Oppslagsverk
- Smådyr i ferskvann
- Bunndyratlas
- appen Artsorakel frå Artsdatabanken, som fortel kva art du har funne, når du tek bilete av arten