Bølgjerørslene forplantar seg langs tauet, og resulterer i ei bølgje som breier seg bortover. Det er akkurat det same som skjer når publikum «tek bølgja på tribunen». Kvar einskild reiser seg og set seg att, men bølgja breier seg rundt tribuneanlegget.
Viktige storleikar for ei bølgje
Bølgjelengde, λ:
Den kortaste avstanden mellom to punkt på bølgja som svingar likt. Ein enkel måte å lese ho av på er å måle avstanden frå bølgjetopp til bølgjetopp.
Amplitude, A:
Dette er det maksimale utsvinget punkta på bølgja kan gjere frå likevektslinja. (Vi bryr oss ikkje om utsvinget er på over- eller undersida.)
Periode, T:
Perioden er tida eit punkt på bølgja brukar på å gjennomføre ei heil svinging. Vi kan òg bestemme perioden ved å måle tida frå ein bølgjetopp passerer til den neste gjer det.
Frekvens, f:
Frekvensen er talet på svingingar som punkta på bølgja gjer per sekund. Vi kan rekne ut dette som
Dersom vi ser på spesialtilfellet med 1 svinging, så fortel perioden, T, kor lang tid det tek å gjennomføre denne. Det vil seie at vi har samanhengen
Bølgjefart, v:
Bølgja breier seg med konstant fart ut frå staden der ho starta. Vi veit at
Dersom vi har ei strekning på 1 bølgjelengde, veit vi at tida bølgja har brukt for å gå denne strekninga er 1 periode, T. Det kan vi setje inn i formelen for fart
Vi kan òg uttrykkje dette ved hjelp av frekvensen
Såleis har vi den enkle samanhengen
Med denne kan vi rekne om mellom frekvens og bølgjelengde dersom bølgjefarten er kjend.