Helseeffektar av ioniserande stråling
Dersom ein person får ein stråledose på meir enn 3 Sv mot heile kroppen, vil det resultere i akutt strålesjuke der mange ulike celletypar har blitt skadde eller øydelagde. Det resulterer i mellom anna brekkingar, diaré og infeksjonar.
Er stråledosen 3 til 4 Sv, vil cirka halvparten overleve, men er han over 6 Sv, vil alle døy.
Ved stråledosar under 2 Sv vil dei fleste overleve den akutte fasen. Men dei vil ha stort sannsyn for å utvikle seinskadar, spesielt i form av ulike former for kreft.
Ved lågare dosar vil seinskadar opptre først og fremst som kreft. Krefttypen vil avhenge av kva organ i kroppen som har fått strålinga.
Heldigvis blir dei fleste skadane reparerte når strålingsnivået er lågt. Det er ein diskusjon i forskingsmiljøa om at dosar under ein gitt terskelverdi faktisk kan besytte mot kreft!
Hugs at alle organismar som lever i dag, gjennom evolusjonen er tilpassa ei viss mengd bakgrunnsstråling.