Øving
Stråling og helse – utforsking
Med bakgrunn i fleire medieoppslag om radioaktivt nedfall, radongass i hus og radiobølgjer frå ulike omformarar har det oppstått uro for korleis dette påverkar helsa vår. Her skal du undersøkje fakta og vurdere helseeffekten av dei ulike strålingstypane. Vel éi av oppgåvene eller begge.
Du skal undersøkje kor stor strålingsfaren er i nærmiljøet ditt.
- Finn informasjon om bakgrunnsstråling og radioaktivt nedfall i nærområdet ditt. Nettsidene til Statens strålevern og geologiske kart er viktige informasjonskjelder, men det finst fleire.
Vurder den lokale strålinga opp mot dei grenseverdiane for helsefare (stråledose målt i mSv) som helsestyresmaktene har fastsett.
- Mål bakgrunnsstråling med geigerteljar og samanlikn målingar i fleire rom, gjerne i den lågaste og den høgaste etasjen. Vurder resultata og drøft eventuelle forskjellar. Du kan òg rekne om resultata frå målingane til becquerel (Bq) og samanlikne med tiltaksgrensa for inneluft, som er 100 Bq per kubikkmeter.
- Kva type stråling kjem frå trådlause nettverk eller eit av dei andre forslaga ovanfor? Finn informasjon om bølgjelengd og frekvens.
Finn informasjon om helseeffektar av denne typen stråling i fleire kjelder.
- Samanlikn informasjonen frå ulike kjelder. Kva argument blir brukte for å grunngi påstandane?
- Kva kjelder kan du stole på?
Kva seier dei kjeldene som du vurderer som pålitelege, om helseeffektar frå denne typen stråling?
Relatert innhald
Fagstoff
Informasjonskjelder og kjeldekritikkKva for kjelder kan vi stole på, og kan vi bruke dei som vi vil? Vi treng kompetanse i å søke informasjon og vere i stand til å vurdere kvaliteten.
Fagstoff
Korleis kan ioniserande stråling påverke helsa vår?Ioniserande stråling kan lage ion av nøytrale atom og molekyl i kroppen vår, og det kan påverke helsa vår.