Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Design eige forsøk: blodsukkermåling

Du har kanskje kjent på lågt blodsukker viss du er svolten, eller på at du får energi av å ete sukker? Korleis varierer eigentleg blodsukkeret ut frå kva du har ete? Her skal du designe eit forsøk på bakgrunn av denne problemstillinga: Korleis varierer blodsukkeret med matinntak og fysisk aktivitet?
Hjelpemiddel for diabetessjuke, mellom anna ei insulinsprøyte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsteori

Blodsukker er eit mål på glukoseinnhald i blodet og blir målt i eininga millimol per liter (mmol/l). Normale verdiar blir rekna som 4–10 mmol per liter blodplasma, men det er individuelle variasjonar. Kva du et og kor mykje du er i aktivitet, vil påverke blodsukkeret ditt. Blodsukkeret blir regulert av hormona insulin og glukagon.

Oppgåve

I dette forsøket skal de i grupper designe eit forsøk som tek utgangspunkt i den følgjande problemstillinga:

Korleis varierer blodsukkeret med matinntak og fysisk aktivitet?

Del 1: planleggingsfase

Jobb i grupper på 2–4 elevar. Bruk problemstillinga over, og design eit forsøk som er mogleg å gjennomføre i løpet av ein biologitime eller den tida de har til rådvelde.

  1. Ha ei idémyldring der de set opp hypotesar. Vel dykk éin hypotese de vil teste ut.

  2. Her er nokre spørsmål det kan vere lurt å tenkje på når de planlegg.

    • Korleis kan de teste den valde hypotesen på best mogleg måte?

    • Kven er testperson/-personar?

    • Kva skal testpersonen/-personane drikke og/eller ete? Kor mykje?

    • Har det noko å seie kva testpersonen/-personane har ete og drukke før forsøket? Har fysisk aktivitet noko å seie?

    • Kor mange blodsukkermålingar skal de gjere i løpet av forsøket? Hugs å planleggje innanfor tidsramma de har til rådvelde.

    • Skal de ta tida mellom kvar blodsukkermåling?

    • Har forsøksdesignet dykkar nokon svake punkt? Kva kan føre til feilkjelder?

  3. Lag ein detaljert plan over korleis de ønskjer å gjennomføre forsøket. Kva skal gjerast når, kva målingar skal de ta, og korleis skal målingane gjennomførast?

  4. Gi planen de har laga, til ein lærar for godkjenning.

Del 2: gjennomføring av forsøket

Måling av blodsukker, nærbilete av finger med ei bloddråpe på. Foto.
  1. Les bruksrettleiinga som følgjer blodsukkerapparatet og blodlansettane. NB! Hugs å byte blodlansett mellom kvar testperson.

  2. Gjennomfør forsøket etter planen de har laga. Noter blodsukkermålingane undervegs. Hugs òg å notere utfordringar eller feilkjelder.

  3. Rydd opp når de er ferdige. NB! Hugs å desinfisere utstyret etter bruk.

Del 3: dokumentasjon og vidare arbeid

Her kan gruppa anten lage ein skriftleg rapport eller ein munnleg presentasjon av forsøket, med design, gjennomføring, resultat, diskusjon og konklusjon. Ha med figurar og bilete undervegs.

Presentasjon av resultat

  1. Kva er den avhengige og den uavhengige variabelen i forsøket?

  2. Lag ein matematisk modell som viser blodsukker som funksjon av tid.

  3. Dersom de har fleire målingar frå fleire testpersonar: Diskuter om de vil lage éin modell for kvar testperson eller slå datapunkta saman i eitt plott. Vala de tek, bør de grunngi godt i diskusjonsdelen.

Diskusjon og konklusjon

  1. Beskriv grafane som presenterer resultata dykkar.

  2. Gi ei forklaring av modellen de har komme fram til. Korleis vil de vurdere gyldigheita av modellen dykkar?

  3. Kan de sjå effekten av insulin? Grunngi svaret.

  4. Kva feilkjelder noterte de, og korleis kan feilkjeldene tenkjast å ha påverka resultata de har fått?

  5. Kan de bruke modellen/modellane de har laga, til å seie noko generelt om samanhengen mellom blodsukkernivå og matinntak? Diskuter.

  6. Vart hypotesen verifisert, eller må han forkastast på bakgrunn av dette forsøket? Diskuter.

  7. Korleis ville de ha designa forsøket viss de skulle teste same hypotese på ein større del av befolkninga (og ikkje berre gruppa dykkar)? Kva måtte de ha teke omsyn til, og korleis ville de ha gått fram?

  8. Prøv å samanfatte det de har lært av forsøket, i tre hovudpunkt. La desse vere ein del av konklusjonen dykkar.

Del 4: Samanlikn alle resultata i klassen

  1. Samle resultata til alle gruppene i eit rekneark, og samanlikn resultata for heile klassen. Kva er likt? Kva er ulikt?

  2. Del erfaringar med kvarandre. Kva fungerte? Kva burde ha vorte gjort annleis?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Guro Øistensen Jørgensen og Elida Arstad Skøien .
Sist fagleg oppdatert 21.05.2021

Læringsressursar

Kosthald