Hopp til innhald
Fagartikkel

Kosthaldet påverkar helsa di

Helsa vår har aldri vore betre. Vi lever lenger, og det er færre fattige menneske i verda. Likevel må vi vere forsiktige. I dag er det nemleg fleire som døyr av overvekt enn av svolt. Overvekt, fedme og feilernæring har blitt eit aukande problem. Kva er samanhengen mellom kosthald og helse?

Eit variert kosthald førebyggjer sjukdom

Kosthald saman med fysisk aktivitet er avgjerande for veksten og utviklinga til kroppen. Livsstilen vår frå tidleg i livet påverkar helsa vår som vaksen. Gjennom eit variert kosthald basert på kosthaldsrådet frå styresmaktene sikrar du deg alle næringsstoffa kroppen din treng. Då aukar du moglegheita for å få god helse samtidig som du reduserer risikoen for å utvikle sjukdommar som

  • feilernæring
  • overvekt og fedme
  • type 2-diabetes
  • hjarte- og karsjukdommar
  • kreft
  • forstopping
  • karies

Feilernæring

Ifølgje UNICEF var 200 millionar barn i verda feilernærte i 2019. På verdsbasis har mange barn eit usunt kosthald fordi dei manglar eller ikkje har råd til betre alternativ. I Noreg derimot er problematikken at vi blir overeksponerte for usunn mat. Feilernæring handlar ikkje om for mykje eller for lite mat, men om feil type mat.

Du har tidlegare lært om dei ulike næringsstoffa og kvifor dei er nødvendige for å få kroppen til å fungere optimalt. Ved mangelfullt inntak av næringsstoff vil essensielle funksjonar i kroppen din bli redusert. Over tid vil dette føre til redusert vekst og utvikling, lærevanskar, nedsett immunsystem, auka risiko for å få infeksjonar og overvekt.

Ei viktig årsak til feilernæring er mangel på frukt og grønsaker i kosten. Dette gjer at kroppen din ikkje får tilstrekkeleg mengde vitamin og andre viktige næringsstoff. Eit variert kosthald vil hindre feilernæring ved at du sikrar deg alle næringsstoffa kroppen din treng og på den måten oppnår god helse.

Overvekt og fedme

Kva du et, kor mykje du et, og kor fysisk aktiv du er, påverkar ulike delar av den indre balansen i kroppen – mellom anna blodsukkeret, blodtrykket og nivået av feittstoff i blodet. Ein konsekvens av feilernæring og inaktivitet er derfor overvekt og fedme. Overvekt betyr at ein har høg kroppsvekt og så mykje feitt på kroppen, at det påverkar helsa negativt. For å klassifisere overvekt bruker ein ofte kroppsmasseindeks (KMI). Dette er eit hjelpemiddel som, basert på vekt og høgde, gir ein peikepinn på om ein person er overvektig eller ikkje.

Overvekt er ikkje i seg sjølv ein sjukdom, men høg kroppsvekt kan setje avgrensingar for aktivitetsnivået ditt, gir auka fysisk belastning for kroppen og auka risiko for å utvikle alvorlege sjukdommar som hjarte- og karsjukdommar, diabetes type-2 og somme typar kreft. Kroppen din er med på å definere deg som person. Mange som lever med overvekt, slit med lågt sjølvbilde og oppleving av å ikkje passe inn i kravet samfunnet har til utsjånad. Overvekt kan derfor òg vere ei psykisk belastning for mange.

Årsakene til overvekt og fedme er samansette, men ubalanse mellom kor mykje energi du får i deg gjennom mat og drikke og kor mykje du forbruker gjennom aktivitet, er den viktigaste årsaka. Behandlinga er derfor auka fysisk aktivitet, redusert energiinntak og eit variert kosthald.

Type 2-diabetes

Video: Høgskolen i Bergen / CC BY-NC-SA 4.0

Når du et, aukar konsentrasjonen av sukker i blodet. Dette regulerer kroppen ved at den skil ut hormonet insulin som hjelper til med å lagre sukkeret som glykogen-molekyl – eit av energilagera til kroppen. Type 2-diabetes er ein sjukdom som blir kjenneteikna ved at insulinet ikkje fungerer som det skal, eller at kroppen produserer for lite av det.

Lite insulin ved inntak av mat fører til høgt blodsukker over lang tid og endrar måten kroppen må stille seg til nedbrytinga av næringsstoffa på. Dette kan over tid skade blodårer og nervar og vidare leie til hjarte- og karsjukdommar.

Overvekt er hovudårsaka til utvikling av type 2-diabetes, men arv kan òg spele inn. Fysisk aktivitet og gode kosthaldsvanar vil i stor grad førebyggje mot denne sjukdommen.

Hjarte- og karsjukdommar

Hjarte- og karsjukdommar er ei samlenemning på ei gruppe sjukdommar i hjartet og blodårene. Dei vanlegaste sjukdommane i denne gruppa er

  • hjartekrampe
  • hjarteinfarkt
  • hjartesvikt
  • hjerneslag

Ifølgje Folkehelseinstituttet lever 1 av 5 av med hjarte- og karsjukdom eller har høg risiko for å få ein slik sjukdom. Til saman er denne gruppa sjukdommar ei av dei hyppigaste dødsårsakene i Noreg.

Hjarte- og karsjukdommane er ein konsekvens av høgt blodtrykk og opphopning av feittstoffet kolesterol i blodårene over tid, som kan føre til ei innsnevring eller blokkering. Med redusert eller blokkert blodtilførsel til delar av eit organ vil cellene i området døy som følgje av mangel på oksygen, og organet vil slutte å fungere. Denne utviklinga er vist i figuren under, frå frisk blodåre til danning av blodpropp.

Kosthald med mykje feitt og sukker, overvekt, stress, inaktivitet, røyking og stort alkoholinntak er faktorar som aukar risikoen for å utvikle desse sjukdommane. Gjennom å vere klar over kva du et, og at du held deg aktiv, kan du sjølv påverke risikoen din for å utvikle desse sjukdommane.

Kreft

Ved sida av hjarte- og karsjukdommar finn vi kreft på toppen av lista for dødsårsaker i Noreg. Kreft er ei nemning for celler som deler og spreier seg ukontrollert og rommar ei stor gruppe ulike kreftsjukdommar. Det er framleis mykje uvisse rundt årsakene til kreft, men nokre årsakssamanhengar er tydelegare enn andre, mellom anna at røyking aukar risikoen for lungekreft.

Ein rapport frå World Cancer Research Fund har sett på samanhengen mellom kosthald, fysisk aktivitet og kreft. Rapporten konkluderer med at fysisk aktivitet og eit variert kosthald kan redusere risikoen for å få kreft. Dei fokuserer spesielt på frukt og grønsaker og tilrår 400—800 gram frukt og grønsaker kvar dag. Ser vi dette i eit norsk perspektiv, der det gjennomsnittlege inntaket av frukt og grønsaker er 375 gram, bør vi doble inntaket vårt. Ein tommelfingerregel er at 1 frukt/grønsak svarer til cirka til 100 gram.

Forstopping

Mange opplever mageknip og hard mage som følgje av forstopping. Dette kan vere ein konsekvens av feil kosthald. Mangel på karbohydratet cellulose i maten, lågt væskeinntak og inaktivitet er faktorar som kan gi deg forstopping. Cellulose blir ikkje broten ned i fordøyinga hos oss menneske, men saman med væske fraktar det med seg avfallsstoff gjennom systemet og hindrar at maten stoppar opp.

Det å auke inntaket av grove kornprodukt, tørka frukt og grønsaker, regelmessig fysisk aktivitet og rikeleg inntak av vatn vil dermed kunne redusere hard mage.

Tannhelse

Det er òg tett samanheng mellom kosthald og tannhelse. Her er det ikkje mengda, men kor ofte du et som er viktig. Det å ete regelmessige måltid og unngå småspising og høgt inntak av sukker vil vere ein fordel for å unngå karies - hol i tennene.

Søte drikker som brus og saft inneheld sukker, mens jus, kaffi og te inneheld syre. Bakteriar som sit på tennene spaltar sukker i mat og drikke til syre, og det er denne syra som dannar hol i tennene. Ved å unngå småeting får spyttet tid til å nøytralisere syra og dermed verne tennene. Det er derfor lurt å drikke vatn mellom måltida. Vidare er det viktig med reinhald for å fjerne bakteriar og matrestar. Her er tilrådingane å pusse tennene to gonger om dagen.

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2017, 3. januar). Overvekt og fedme i Noreg. https://www.fhi.no/nettpub/hin/ikke-smittsomme/overvekt-og-fedme/

Folkehelseinstituttet. (2021, 10. juni). Dødsfall etter dødssted og dødsårsak. http://statistikkbank.fhi.no/dar/

Folkehelseinstituttet. (2020, 16. januar). Hjerte- og karsykdommer i Norge. https://www.fhi.no/nettpub/hin/ikke-smittsomme/Hjerte-kar/

Helsedirektoratet. (2012). Norkost 3. En landsomfattende kostholdsundersøkelse blant menn og kvinner i Norge i alderen 18-70 år, 2010-11. https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/norkost-3-en-landsomfattende-kostholdsundersokelse-blant-menn-og-kvinner-i-norge-i-alderen-18-70-ar-2010-11.pdf.

Helsenorge.no. (2017, 31. juli). Hull og tannskader. https://helsenorge.no/tannhelse/hull-og-tannskader

Norsk helseinformatikk. (2015, 13. mai). Kreftforebygging med et sunt kosthold. https://nhi.no/sykdommer/kreft/vis-kreftvett/kreftforebygging-med-et-sunt-kosthold/

Norsk Helseinformatikk. (2019, 24. juli). Overvekt hva er det?https://nhi.no/kosthold/overvektfedme/overvekt-hva-er-det/

Norsk Helseinformatikk. (2019, 2. august). Kostfiber. https://nhi.no/kosthold/ernaring/kostfiber/

Norsk Helseinformatikk. (2020, 8. januar). Type 2-diabetes. https://nhi.no/sykdommer/hormoner-og-naring/diabetes-type-2/type-2-diabetes-oversikt/

UNICEF. (2019). The State of the World's Children 2019: Children, food and nutrition. https://www.unicef.org/media/63016/file/SOWC-2019.pdf

World Cancer Research Fund. (2007). Food, Nutrition, Physical Activity, and the Prevention of Cancer: a Global Perspective. https://discovery.ucl.ac.uk/id/eprint/4841/1/4841.pdf