Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bør vi droppe superfrukta avokado?

Avokado har blitt ei populær frukt i Noreg og blir gjerne kalla ei superfrukt. Bli kjend med alt som skjuler seg i denne frukta.
Avokado med påteikna ansikt, armar og bein. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Undersøk kva næringsstoff avokadoen inneheld. Korleis vil du ut frå dette beskrive helseeffekten av å ete avokado?
  2. Finn ut kvar avokadoen kjem frå. Kan han dyrkast i Noreg?
  3. Bruk den interaktive figuren om matvarer og miljøpåverknad under til å undersøkje miljøpåverknaden av avokado. Kva fortel figuren deg?
  4. Undersøk kor mykje ressursar som blir kravd for å dyrke avokado og transportere han til Noreg. Lag ein teikneserie som beskriv prosessen frå frø til butikkhylle.

    Teikneserien kan lagast på papir, med programvare på PC-en din eller på nettet. Her er døme på digitale nettressursar for å lage animerte teikneseriar: Moovly, Animaker, Creaza Cartoonist.


Oppgåve 2

Podkasten Oppdatert frå NRK Radio tek opp problemstillinga «Blodig avokadokrig: Bør vi droppe superfrukten?».

Forarbeid

Ut frå problemstillinga «Blodig avokadokrig: Bør vi droppe superfrukten?» – kva trur du denne podkasten handlar om?

Etterarbeid

  1. Kva tenkjer du om å ete avokado etter å ha høyrt podkasten?
  2. Forklar samanhengen mellom narkokartell og avokado. Kva tenkjer du om denne problematikken?
  3. Kva trur du Bama og Coop meiner med at dei stiller krav til at det skal vere berekraftig og etisk handel?

Oppgåve 3

Ut frå definisjonen av eit berekraftig kosthald og det du no har lært, vil du vurdere avokado som ei berekraftig frukt? Grunngi svaret ditt.

FN definerer eit berekraftig kosthald som eit kosthald som

  • ikkje går på bekostning av miljøet
  • bidreg til nok mat med riktig næringsinnhald, som kan gi eit sunt liv for oss som lever i dag, og for framtidige generasjonar
  • vernar det biologiske mangfaldet
  • er kulturelt akseptabelt
  • er tilgjengeleg for alle
  • er økonomisk rettferdig
  • er trygt og sunt
  • gir god ressursbruk

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2020

Læringsressursar

Kosthald