Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forbrukarkjøpslova og forbrukarrettar

Skal du jobbe med sal, er det viktig at du kjenner til pliktene og rettane til både seljaren og kjøparen. Du må òg kjenne til når det er forbrukarkjøpslova som gjeld, og når det er kjøpslova.

Oppgåve

Førebuingar

  • Gå saman i grupper på fire.
  • Kvar gruppe vel seg ut to av casane frå lista under. Desse skal de lage rollespel av. Legg til dykkar eigne føresetnader om det er nødvendig.
  • Før de kan spele rollespelet, må de løyse casane. Del då gruppa i to, og jobb saman i par.
  • I kvar case må de ta stilling til om det er forbrukarkjøpslova eller kjøpslova som gjeld.
  • Jobb i par, bruk lovdata.no og jusinfo.no og sjå kva paragrafar de kan ta i bruk for å løyse casane. På Lovdata finn de òg dommar som har falle i forbrukartvistar. Desse kan de bruke for å sjå nærare på korleis lova blir handheva, og korleis dommane er grunngitt. De kan òg søkje på Lovdata etter fleire høgsterettsdommar for å sjå om de kan bruke desse i casane dykkar.
  • lovdata.no

  • jusinfo.no

  • Artikkel: Dommer i Høyesterett på lovdata.no

Gjennomføring av rollespelet

  • Ei av gruppene framfører det første rollespelet sitt for klassa.
  • Éin speler kunde, og éin speler seljar. Dei to siste speler representantar for retten. Dei skal leggje fram kven som ifølgje lova har rett til kva, og felle ein grunngitt dom.
  • Gruppemedlemmene byter roller og speler case nummer to på same måten.
  • Etter kvart rollespel kan klassa diskutere om dommen i saka er riktig, og om noko kunne vore gjort annleis ut frå reglane i forbrukarkjøpslova og kjøpslova.
  • Gjennomfør på same måten for alle gruppene.

Casar

Case 1 – klesbutikk

På laurdag var du i byen med venner, og då fall du for freistinga til å kjøpe deg ei dyr bukse. Det kjendest riktig der og då. Mange av vennene dine har bukser av det same merket, og du har ønskt deg akkurat denne buksa lenge.

Idet du går åleine heimover, angrar du på kjøpet. Du innser du at du ikkje har råd til buksa, og bestemmer deg for å gå og levere ho tilbake og få pengane att. Nøgd med avgjerda di traskar du tilbake til butikken. Du blir veldig overraska når det viser seg at butikken nektar å ta buksa i retur. Kan butikken gjere dette?

Case 2 – elektronikk

Du skal byrje å studere til hausten, og i sommar kjøpte du deg derfor ein ny MacBook Pro på tilbod. Mac-en kosta 15 000 kroner. Rett etterpå drog du på telttur, så du fekk ikkje prøvd han før etter ei veke. Då viste det seg at det ikkje gjekk an å kople han til det trådlause nettet i leilegheita di.

Du leverer derfor Mac-en tilbake og vil helst ha pengane att eller ein ny Mac. Butikken tilbyr gratis reparasjon, men seier at du ikkje kan få ny Mac eller pengane att. Stemmer det?

Case 3 – mobiltelefon

For litt over to år sidan kjøpte du deg ny telefon. Du har vore flink og har passa godt på han. Men plutseleg ein dag blir skjermen svart, og du kan ikkje lenger ringje ut, berre ta imot samtalar.

Du tek med deg telefonen tilbake til butikken der du kjøpte han, for å reklamere. Butikken nektar. Dei meiner at problema med telefonen kjem av normal slitasje, og at du er for seint ute med reklamasjonen. Er dette riktig?

Case 4 – netthandel

Du har kjøpt ein treningsdress i ein nettbutikk. Når du prøver dressen på heime, viser det seg at han er litt stor til deg. Du vil byte til ein mindre storleik, og etter eit par veker sender du treningsdressen tilbake i ein stor konvolutt. Nettbutikken hevdar at du ikkje kan byte han, men må behalde den dressen du hadde bestilt. Har butikken rett?

Case 5 – sportsbutikk

I mai i fjor kjøpte du deg flotte nye slalåmski på sal. Heile hausten gledde du deg til sesongstart, og i romjula var du i bakken. Etter eit par turar var du uheldig og køyrde over ein stein, noko som førte til at solen på den eine skia fekk ei djup og lang ripe. Då du kom heim, tok du skia med deg til butikken for å få ho reparert.

Du avtaler med butikken at dei skal undersøkje kva reparasjonen vil koste, før du bestemmer deg. Etter nokre dagar får du tilbakemelding om at reparasjonen vil koste cirka 1 500 kroner. Det synest du er litt dyrt, så du vil heller prøve å fikse skia sjølv. Du får skia tilbake – saman med eit gebyr på 250 kroner for undersøkinga. Du protesterer, men butikken hevdar at dei har lov til å krevje dette gebyret utan å opplyse deg om det på førehand. Kan butikkar operere slik?

Case 6 – kvitevarer

Du har akkurat kjøpt ny vaskemaskin og har avtalt med butikken at dei skal levere maskinen heime hos deg same dag. Dei kjem med maskinen som avtalt, og hjelper deg med å installere han. Glad og fornøgd set du maskinen i gang og går ein tur ut mens du ventar på at vasken er klar. Etter tre timar kjem du heim, og maskinen er full av vatn.

Du ringjer butikken, men det kan ikkje kome nokon og sjå på maskinen før i morgon. Når dei kjem, må dei tømme maskinen, og det viser seg at dei må ta han med seg. Kva har du krav på i dette tilfellet?

Case 7 – lokal mat

Du skal ha gjestar til middag og har bestilt 10 kilo reker av ein lokal fiskar. Du hentar rekene som avtalt heime hos fiskaren og legg dei i kjøleskåpet mens du dekkjer bordet.

Når du tek ut rekene, kjenner du ei litt sur lukt, og du ser at dei ikkje ser heilt ferske ut. Du ringjer fiskaren og ber han om å køyre heim til deg med 10 nye kilo ferske reker, for dei du har fått, tør du ikkje å servere. Fiskaren nektar for at det er noko gale med rekene, og seier at kjøpt er kjøpt. Kan han gjere dette?

Case 8 – gåvebutikk

Du er ute i siste liten for å kjøpe gåve til eit vennepar som skal gifte seg. I ein gåvebutikk finn du ein stor, nydeleg salatbolle i glas som du vil gi dei. Butikken har berre nokre få att av denne spesielle bollen, og du klarer å forhandle deg til å få 100 kroner i avslag. I samband med dette seier seljaren at byterett eller noka form for krav frå di side ikkje kan bli aktuelt. Du har det travelt, betaler og fortar deg heim for å pakke inn gåva.

Idet du pakkar inn bollen, ser du at det er knust av eit lite brot på undersida. Du spring ned til butikken med bollen og ber om å få byte han til ein ny eller heve kjøpet. Butikken avviser krava dine og seier at du sa frå deg både byteretten og andre former for klagerett då du fekk prisavslaget. Dessutan seier seljaren at små defektar på glasvarer er noko ein må rekne med. Kven har rett?

Case 9 – Finn.no

Du har kjøpt ein fin, brukt sofa på Finn.no og avtalt med seljaren at han skal levere sofaen heime hos deg. Du vippsar pengar til seljaren mens han er på veg til deg.

Når han kjem, er det med ein annan sofa enn den du har betalt for. Seljaren står på sitt og hevdar at dette er sofaen de var samde om. Han køyrer sin veg med tom tilhengjar og lar sofaen stå att hos deg. Du vil ikkje ha denne sofaen og vil ha pengane dine tilbake. Kva kan du gjere?

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2020

Læringsressursar

Regelverk for marknadsføring og sal