Alias-oppgåve om forbrukarlover
Alias er eit spel som går ut på å forklare ord til medspelaren på same lag utan å bruke sjølve ordet. I originalversjonen skal ein for eksempel forklare ordet BUSS, og kan da seie: kollektivt køyretøy som fraktar personar, motorisert, stoppar på haldeplassar, osv. … I denne versjonen skal elevane forklare fagomgrep utan å bruke sjølve ordet.
Del klassen inn i grupper på fire, som igjen skal delast inn i to par. Da er to og to på lag, og speler mot det andre paret i firargruppa. Gruppa får utdelt fagomgrepa. Kvart lag får eitt minutt per tur til å forklare fagomgrepa for kvarandre. Dei to som ikkje er på det aktive laget, passar tida. Laget gjettar så mange ord som mogleg på eitt minutt og får eitt poeng for kvart ord dei gjettar riktig. Laga speler annankvar gong heilt til alle lappane er brukte opp. Det laget som har flest riktige, er vinnaren innanfor firargruppa.
- Forbrukar
- Reklamasjon
- Mangel
- Forbrukarkjøpslova
- Reklamasjonsfrist
- Forbrukarkjøp
- Marknadsføringslova
- Forbrukarombodet
- Privatkjøp
- Forbrukarrådet
- Retting
- Næringskjøp
- Forseinking
- Omlevering
- Garanti
- Paragraf
- Prisavslag
- Angrerett
- Rettspraksis
- Heving
- Fast salsstad
- Urimeleg handelspraksis
- Erstatning