Hopp til innhald
Øving

Hypotetisk konjunktiv

Kva ville hendt, dersom ...? Hypotetisk konjunktiv bruker vi når vi snakkar om noko som ikkje er eller kan bli verkeleg fordi eit krav eller ein føresetnad ikkje er innfridd.
Konjunktiv preteritum: kort repetisjon

Konjunktiv preteritum kan vi danne på to måtar:

  1. med würde og hovudverb i infinitiv

  2. ved hjelp av konjunktivbøying

Konjunktiv preteritum med würde og infinitiv

Den enklaste måten å danne konjunktiv preteritum på er å bruke würde og infinitiv av hovudverbet. Det du då må kunne, er konjunktiv preteritum-forma av verbet werden.

  • Er würde gern kommen, aber er muss arbeiten. Han skulle gjerne ha komme, men han må arbeide.

  • Wir würden uns sehr über einen Besuch freuen. Vi ville blitt glade for eit besøk.

Konjunktiv med werden kan du fint bruke ved alle sjølvstendige verb (= verb som ikkje er hjelpeverb). Denne forma er kanskje ikkje alltid det mest elegante stilistiske valet, men dét kan du som ikkje har språket som morsmål, fint sjå bort frå.

Konjunktiv preteritum som eiga bøyingsform

Ved enkelte verb er det ikkje vanleg å bruke würde og infinitiv. Det gjeld mellom anna verba sein og haben og dei modale hjelpeverba. Dei har ei eiga konjunktivform og blir bøygde som werden:

  • Das wäre schön! Det hadde vore fint!

  • Die Kinder hätten gern Pizza. Barna vil gjerne ha pizza.

  • Wenn ich doch nur singen könnte! Om eg berre kunne synge!

Konjunktiv preteritum dannar vi med utgangspunkt i indikativ preteritum. Konjunktivforma får vokalskifte og bøyingsending:

  • ich war (indikativ preteritum) – ich wäre (konjunktiv preteritum)

  • ich hatte (indikativ preteritum) – ich hätte (konjunktiv preteritum)

Konjunktiv preteritum

Enkel oversikt over nokre viktige (hjelpe)verb

konjunktiv preteritum

sein

haben

werden

können

müssen

Ending

ich

wäre

hätte

würde

könnte

müsste

-e

du

wärest
wärst

hättest

würdest

könntest

müsstest

-est

er, sie, es

wäre

hätte

würde

könnte

müsste

-e

wir

wären

hätten

würden

könnten

müssten

-en

ihr

wäret
wärt

hättet

würdet

könntet

müsstet

-et

sie, Sie

wären

hätten

würden

könnten

müssten

-en

Hypotetisk konjunktiv

Vi kallar det hypotetisk konjunktiv når vi snakkar om eit tenkt tilfelle: Noko kan ikkje skje fordi eit vilkår eller ein føresetnad ikkje er oppfylt. På tysk brukar vi konjunktiv preteritum for å uttrykke at det vi snakkar om, er hypotetisk:

  • Wenn ich Zeit hätte, (dann) würde ich Norwegisch lernen. Dersom eg hadde tid, ville/skulle eg lært meg norsk.

  • Wenn ich du wäre, würde ich nicht rauchen. Viss eg var deg, ville eg ikkje røyka.

  • Wenn es schneien würde, würde ich Ski fahren. Dersom det snødde, ville eg stått på ski.

Wenn-setninga er ei leddsetning (av typen vilkårssetning). Derfor står det bøygde verbet til slutt. I heilsetninga som wenn-setninga høyrer saman med, bruker vi alltid konjunktiv med würde og infinitiv av hovudverbet.

Eksempelsetningane over viser til ein aktuell situasjon: Eg har kanskje ikkje tid til å lære norsk no, men det er framleis mogleg at dette vil endre seg. Snakkar vi derimot om noko som høyrer fortida til, må vi bruke konjunktiv preteritum perfektum i tysk:

  • Wenn ich Zeit gehabt hätte, hätte ich Norwegisch gelernt. Viss eg hadde hatt tid, hadde eg lært norsk. (Men eg hadde ikkje tid, derfor lærte eg ikkje norsk.)

  • Wenn es geschneit hätte, wäre ich Ski gefahren. Dersom det hadde snødd, hadde eg stått på ski. (Men det snødde ikkje, derfor stod eg ikkje på ski.)

Øving 1: Kva passar saman?

Øving 2: Omsetting

  1. Omsett eksempelsetningane frå øving 1 til norsk. Ikkje kikk på løysingsforslaget før du har prøvd sjølv!
  2. For vidarekomne: Prøv å forklare forskjellen i tempusbruk (bruk av tidsform) mellom norsk og tysk.
Forslag til løysing

Wenn = viss, om, dersom

  • På tysk bruker vi konjunktiv preteritum for å uttrykk noko hypotetisk.
  • Norsk har ikkje konjunktiv (bortsett frå i nokre få faste uttrykk, for eksempel "Leve kongen!").
  • På norsk bruker vi preteritum eller preteritum perfektum i vilkårssetninga: Viss eg hadde tid, om alle hadde reist.
  • I heilsetninga bruker vi preteritum futurum perfektum: ... ville eg (ha) lært norsk, ... ville eg (ha) kjøpt meg båt.
  • Preteritum futurum perfektum blir også kalla for kondisjonalis 2.

Del 1

  1. Viss eg hadde tid, ville eg lært norsk.
  2. Viss eg var 18, ville eg tatt førarkortet.
  3. Viss eg var deg, ville eg slutta å røyke.
  4. Viss det snødde, ville eg stått på ski.
  5. Viss eg hadde mykje pengar, ville eg kjøpt meg båt.

Del 2

  1. Viss alle reiste/hadde reist mindre med fly, ville miljøet takka oss for det.
  2. Viss dyr kunne snakke/snakka, ville vi fått høyre mykje interessant.
  3. Viss robotar kunne gjort det meste av arbeidet, ville vi hatt meir fritid.
  4. Viss han hadde (hatt) ein god jobb, ville han tent meir pengar.
  5. Viss eg ikkje hadde (hatt) bil, ville eg sykla meir.

Del 3

  1. Viss eg dreiv meir sport, ville eg følt meg sprekare.
  2. Viss eg ikkje var redd for (å gjere) feil, ville eg snakka meir tysk.
  3. Viss det var sommar no, ville vi hatt ferie.
  4. Viss det ikkje var så kaldt, ville vi gått ut.
  5. Viss foreldra mine tillet/hadde tillate eit husdyr, ville eg ønskt meg ein hund.

Øving 3: Wenn – dann

Gjer øvingane og omsett eksempelsetningane til norsk.

Øving 4: Wenn ich Ministerpräsident(in) wäre ...

Jobb gjerne i par. Byt i så fall på å spørje og svare.

Øving 5: Wenn ich im Lotto gewinnen würde ...

Jobb gjerne i par. Byt i så fall på å spørje og svare.

Øving 6: konjunktiv preteritum av müssen og können

Øving 7: Wenn ich nur drei Tage pro Woche Schule hätte ...

Jobb gjerne i par. Byt i så fall på å spørje og svare.

CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2020