Hopp til innhald
Øving

Høflege spørsmål, råd og forslag

Når vi kjem med høflege spørsmål, råd eller forslag på tysk, bruker vi veldig ofte konjunktivforma av verbet. Du har mest sannsynleg allereie lært nokre mykje brukte konjunktivformer, slik som "ich hätte gern" og "ich möchte".

Kva er konjunktiv?

Konjunktiv er ei form av verbet som vi bruker vi for å

  • snakke om noko som vi førestiller eller ønsker oss
  • snakke om noko som ikkje er verkeleg eller mogleg
  • be om noko på ein høfleg måte
  • komme med råd eller forslag
  • gi att det nokon har sagt (indirekte tale)

Konjunktiv preteritum

I høflege spørsmål, ønske og forslag bruker vi konjunktiv preteritum. Vi dannar konjunktiv preteritum som regel med würde og infinitiv av hovudverbet:

  • Würdest du mir bitte helfen? Vil du vere snill og hjelpe meg?

  • Würden Sie bitte die Tür zumachen? Vil De vere snill og lukke døra?

Würde er konjunktiv preteritum av tidshjelpeverbet werden: ich würde, du würdest, er würde, wir würden, ihr würdet, sie/Sie würden.

Ved enkelte verb er det ikkje vanleg å bruke würde og infinitiv. Det gjeld mellom anna verba sein og haben. Her bruker vi oftast ei eiga konjunktivform:

  • Das wäre schön! Det ville vore fint!

  • Ich hätte gern eine Pizza. Eg vil gjerne ha ein pizza.

Lær deg konjunktiv preteritum av werden, sein og haben. Desse formene treng du når du skal ordlegge deg på ein høfleg måte.

haben

sein

werden

Ending

ich

hätte

wäre

würde

-e

du

hättest

wärest/wärst

würdest

-est

er, sie, es

hätte

wäre

würde

-e

wir

hätten

wären

würden

-en

ihr

hättet

wäret/wärt

würdet

-et

sie, Sie

hätten

wären

würden

-en

Høflege spørsmål, råd og forslag

Når vi ber om noko eller foreslår noko på ein høfleg måte, bruker vi konjunktiv preteritum av dei modale hjelpeverba. Denne forma blir oppfatta som vennleg og passe beskjedent:

  • Ich möchte gern einen Tee. Eg vil gjerne ha ein kopp te. (ønske)

  • Könntest du mir bitte das Salz geben? Kan du sende meg saltet, er du snill? (veldig høfleg og forsiktig spørsmål)

  • Dürfte ich Sie etwas fragen? Kan eg få spørje Dykk om noko? (veldig høfleg og forsiktig spørsmål)

  • Wir könnten ja mitkommen. Vi kunne jo bli med. (forslag)

  • Du solltest zu Hause bleiben. Du burde bli heime. (forslag/råd)

Også hätte gern og würde gern blir brukte når ein vil uttrykke seg høfleg:

  • Ich hätte gern einen Kaffee. Eg vil gjerne ha ein kaffi. (ønske)

  • Ich würde gern mitkommen. Eg kunne tenkt meg å bli med. (ønske)

Kor "høflege" er dei ulike modale hjelpeverba?

Det er oftast høfleg nok å bruke infinitiv presens av können og dürfen, helst saman med ordet bitte:

  • Kannst du mir bitte das Salz geben?

  • Frau Roth, darf ich Sie etwas fragen?

Konjunktivforma er endå eit hakk høflegare, og særleg i jobbsamanheng er konjunktiv mykje brukt.

  • Könntest du mir bitte das Salz geben?

  • Frau Roth, dürfte ich Sie etwas fragen?

Wollen derimot uttrykker eit krav. Det hjelper litt å legge til eit bitte, men helst bruker vi hätte gern eller möchte gern i staden når vi skal be om noko på ein høfleg måte:

  • Ich will ein Eis.

  • Ich will ein Eis, bitte.

  • Ich hätte/möchte gern ein Eis, bitte.

Konjunktiv preteritum av modale hjelpeverb

Konjunktiv preteritum-formene av dei modale hjelpeverba nedanfor er mykje brukte når du skal spørje eller foreslå noko på høfleg vis, derfor bør du lære dei.

mögen

können

dürfen

sollen

Ending

ich

möchte

könnte

dürfte

sollte

-e

du

möchtest

könntest

dürftest

solltest

-est

er, sie, es

möchte

könnte

dürfte

sollte

-e

wir

möchten

könnten

dürften

sollten

-en

ihr

möchtet

könntet

dürftet

solltet

-et

sie, Sie

möchten

könnten

dürften

sollten

-en

Øving 1: Høflege spørsmål og ønske

Øving 2: Høflege spørsmål

Øving 3: Gi gode råd

Øving 4: Helgeplanar

Øving 5: Reisetips

  1. Gjer øvingane.
  2. Jobb i par. Lag ein dialog mellom to personar der den eine skal ut og reise og den andre gir råd, etter mønster av øvingane du no har jobba med. Lær dialogen utanåt og spel han.

Øving 6: Munnleg trening

Jobb gjerne i par. Byt på å gi kvarandre råd og komme med forslag.

Es lebe der König!

I nokre meir eller mindre faste frasar som uttrykker gode ønske eller gratulasjonar, bruker vi konjunktiv presens. Du treng ikkje lære deg konjunktiv presens av den grunn, men det kan jo vere kjekt å brife med nokre av desse frasane:

  • Es lebe der König! Leve kongen!

  • Es lebe das Geburtstagskind! Hipp-hurra for bursdagsbarnet!

  • Sie lebe hoch! Ja, må ho leve!

Vi kan òg seie:

  • Hoch soll er/sie leben! (om éin person)

  • Hoch sollen sie leben! (om fleire personar)

CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 30.12.2019