Hopp til innhald
Øving

Ønske og antakingar

I tysk bruker vi konjunktiv preteritum for å markere at noko berre er tenkt, at det ikkje er verkeleg. Eit eksempel på dette er ønske og antakingar.

Konjunktiv preteritum

Når vi uttrykker noko hypotetisk, altså noko som berre er tenkt, bruker vi på tysk konjunktiv preteritum.

Konjunktiv preteritum med würde og infinitiv

Den enklaste måten å danne konjunktiv preteritum på, er å bruke würde og infinitiv av hovudverbet. Det du då treng å kunne, er konjunktiv preteritum-formene av verbet werden.

  • Er würde gern kommen, aber er muss leider arbeiten. Han skulle gjerne ha komme, men han må dessverre jobbe.

  • Wir würden uns sehr über einen Besuch freuen. Vi ville blitt glad for eit besøk.

Konjunktiv med würde kan du fint bruke ved alle sjølvstendige verba (= dei verba som ikkje er hjelpeverb).

Konjunktiv preteritum som eiga bøyingsform

Ved enkelte verb er det ikkje vanleg å bruke würde og infinitiv. Det gjeld mellom anna verba sein og haben og dei modale hjelpeverba. Dei har ei eiga konjunktivform, slik som werden:

  • In der Sonne liegen und faulenzen – das wäre schön! Å ligge i sola og sløve – det hadde vore fint!

  • Die Kinder hätten gern Pizza. Barna vil gjerne ha pizza.

  • Wenn ich doch nur singen könnte! Om eg berre kunne synge!

Konjunktiv preteritum dannar vi med utgangspunkt i indikativ preteritum. Konjunktivforma får vokalskifte og bøyingsending:

  • ich war (indikativ preteritum) – ich wäre (konjunktiv preteritum)

  • ich hatte (indikativ preteritum) – ich hätte (konjunktiv preteritum)

Lær deg konjunktiv preteritum av sein, haben og werden:

haben

sein

werden

Ending

ich

hätte

wäre

würde

-e

du

hättest

wärest/wärst

würdest

-est

er, sie, es

hätte

wäre

würde

-e

wir

hätten

wären

würden

-en

ihr

hättet

wäret/wärt

würdet

-et

sie, Sie

hätten

wären

würden

-en

Ønskesetningar

Vi bruker konjunktiv preteritum for å uttrykke ønske som ser ut til å vere vanskelege eller umoglege å oppfylle:

  • Wenn es nur schneien würde! Om det berre ville snø!

  • Hätte ich doch mehr Geld! Hadde eg berre (hatt) meir pengar!

Ich hätte gern eine bessere Kondition. Eg skulle ønske eg hadde betre kondis.

"Hadde eg berre hatt meir pengar!"

  • På norsk kan setninga "Hadde eg berre hatt meir pengar!" vise til ein situasjon i fortida eller i notida.
  • På tysk derimot betyr setninga "Hätte ich nur mehr Geld gehabt!" at det du snakkar om, allereie er historie. Det er for seint å få gjort noko med saka.

  • "Hätte ich nur mehr Geld!" betyr at du ønsker deg meir pengar no. Men desse pengane har du altså ikkje (enno).

Øving 1: Ønsketenkning

Øving 2: Noko å ønske seg

Øving 3: Det skulle eg òg gjerne hatt!

Jobb gjerne i par: A les opp eksempelet, B lagar ønskesetning, A omset til norsk. Byt roller etter kvart kort.

Omsettingsforslag er lagde inn som svar-tips.

Øving 4: hätte, wäre gern, würde gern ...

Konjunktiv preteritum av modale hjelpeverb

Når du skal uttrykke ønske, har du særleg bruk for dei modale hjelpeverba dürfen og können:

können

dürfen

Ending

ich

könnte

dürfte

-e

du

könntest

dürftest

-est

er, sie, es

könnte

dürfte

-e

wir

könnten

dürften

-en

ihr

könntet

dürftet

-et

sie, Sie

könnten

dürften

-en

Øving 5: Om eg berre hadde lov til å ...!

Øv på konjunktiv preteritum av dürfen.

Øving 6: Om eg berre kunne ...!

Øv på konjunktiv preteritum av können.

Antakingar

Antakingar kan vi uttrykke på ulike måtar i tysk. Vi kan for eksempel bruke setningsadverb som antydar at noko ikkje er heilt sikkert (enno):

  • Das stimmt sicher. Det er sikkert korrekt.

  • Sie ist anscheinend in Berlin. Ho er visstnok i Berlin.

  • Er ist wahrscheinlich schon weg. Han har sannsynlegvis dratt allereie.

Men ofte bruker vi konjunktiv preteritum for å markere at vi ikkje er heilt sikre:

  • Das könnte stimmen. Det kan vere korrekt.

  • Sie dürfte in Berlin sein. Ho er antakeleg i Berlin.

  • Er müsste schon zu Hause sein. Han burde vere heime allereie.

Øving 7: Antakingar

Es lebe der König!

Det finst nokre få meir eller mindre faste frasar som uttrykker gode ønske eller gratulasjonar. I desse frasane bruker ein konjunktiv presens. Du treng ikkje lære deg konjunktiv presens av den grunn, men det kan jo vere kjekt å brife med lykkønskingar som:

  • Es lebe der König! Leve kongen!

  • Es lebe das Geburtstagskind! Hipp-hurra for bursdagsbarnet!

  • Sie lebe hoch! Ja, må ho leve!

Vi kan òg seie:

  • Hoch soll er/sie leben! (om éin person)

  • Hoch sollen sie leben! (om fleire personar)

CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2020