Hopp til innhald
Øving

Referatkonjunktiv

Når vi gir att med eigne ord noko ein person har sagt, bruker vi såkalla indirekte tale. I munnleg tysk bruker vi til vanleg indikativ eller verkelegheitsform ved indirekte tale, men skrift og i formelle munnlege situasjonar er det vanleg å bruke konjunktiv.
Indirekte tale

Når vi gir att det ein annan person har sagt, ofte noko kortare og med eigne ord, seier vi at vi bruker indirekte tale eller indirekte sitat. Vi kan gi att både påstandar, spørsmål og befalingar.

Påstandar

Direkte påstandar gjer vi om til ei leddsetning med dass/at:

  • Sie sagt: "Hans ist krank." Sie sagt, dass Hans krank ist/sei.

  • Ho seier: "Hans er sjuk." Ho seier at Hans er sjuk.

Vi kan òg gjere om til indirekte tale utan å bruke dass/at og leddsetning:

  • Sie sagt: "Hans ist krank." Sie sagt, Hans sei krank.

  • Ho seier: "Hans er sjuk." Ho seier Hans er sjuk.

Spørsmål med spørjeord

Når vi gjer om eit spørsmål med spørjeord til indirekte tale, lagar vi ei leddsetning som byrjar med spørjeordet.

  • Sie fragt: "Warum ist Leo nicht da?" Sie fragt, warum Leo nicht da ist/sei.

  • Ho spør: "Kvifor er Leo ikkje her?" Ho spør kvifor Leo ikkje er her.

Spørsmål utan spørjeord (ja-nei-spørsmål)

Ja-nei-spørsmål gjer vi om til ei leddsetning som byrjar med subjunksjonen ob/om:

  • Sie fragt: "Hat Jani ein Fahrrad?" Sie fragt, ob Jani ein Fahrrad hat/habe.

  • Ho spør: "Har Jani sykkel?" Ho spør om Jani har sykkel.

Befalingar (imperativ)

Befalingar gjer vi om til indirekte tale ved å bruke det modale hjelpeverbet sollen/å skulle.

  • Sie sagt zu Peter: "Komm nach Hause!" Sie sagt, dass er nach Hause kommen soll/solle .

  • Ho seier til Peter: "Kom heim!" Ho seier at han skal komme heim.

Her kan vi igjen velje å droppe dass/at, akkurat som på norsk:

  • Sie sagt zu Peter: "Komm nach Hause!" Sie sagt, er soll/solle nach Hause kommen.

  • Ho seier til Peter: "Kom heim!" Ho seier han skal komme heim.

Den enklaste måten: Bruk indikativ!

I tyskspråklege nyheitssendingar og aviser er referatkonjunktiv vanleg. Men i munnlege situasjonar bruker tyskarane nesten alltid indikativ når dei refererer noko andre har sagt:

  • Er sagt, dass er krank ist. Han seier at han er sjuk.

  • Er sagt, er ist krank. Han seier han er sjuk.

  • Er erzählte, dass Elise Deutsch kann. Han fortalde at Elise kan tysk.

  • Sie fragte, ob Maja Biologie lernt. Ho spurde om Maja les biologi.

  • Sie denkt, dass der Arzt bald kommt. Ho tenker at legen kjem snart.

Du kan fint bruke indikativ både munnleg og skriftleg om du vil.

Referatkonjunktiv

Viss du vil bruke referatkonjunktiv i indirekte tale, går du fram slik:

  1. Du bruker konjunktiv presens når verbet står i 3. person eintal (er, sie, es). Ta verbstammen (hab-, komm-, sprech-) og legg til -e, så har du konjunktivforma:

    • Sie behauptet, sie habe keine Zeit. Ho hevdar ho har ikkje tid.

    • Karoline fragte, warum Hans nicht komme. Karoline spurde kvifor Hans ikkje kjem.

    • Sie sagt, er spreche Deutsch. Ho seier han snakkar tysk.

  2. Modale hjelpeverb skal få konjunktiv presens i både første og tredje person eintal. Også her tar du verbstammen (woll-, soll-, müss- osb.) og legg til -e, for både første og tredje person:

    • Anna meint, ich solle den Job annehmen. Anna meiner at eg skal ta jobben.

    • Lotte sagt, sie wolle kein Eis. Lotte seier ho ikkje vil ha is.

  3. Du bruker konjunktiv presens av verbet sein i alle personar i både eintal og fleirtal:

    • Er sagt, dass Gabi und Ella im Café seien. Han seier at Gabi og Ella er på kafé.

    • Mama glaubt, du seist zu Hause. Mamma trur du er heime.

  4. I alle andre tilfelle bruker du konjunktiv preteritum (konjunktiv 2):

    • Er meint, dass wir keine Zeit hätten. Han meiner at vi ikkje har tid.

    • Viktor fürchtete, du würdest zu spät kommen. Viktor frykta at du ville komme for seint.

Oversikt over referatkonjunktiv

Tabellforklaring

Dei utheva formene i tabellen nedanfor er dei konjunktiv presens-formene som er i vanleg bruk i tysk:

  • Tredje person eintal av alle verba
  • Første og tredje person eintal av modale hjelpeverb
  • Verbet sein i alle personar i eintal og fleirtal

I alle andre tilfelle er det konjunktiv preteritum som "steppar in" for konjunktiv presens.

(Årsaker: Konjunktiv presens-formene er ofte heilt eller nesten lik indikativ presens-formene; dessutan blir konjunktiv presens til dels oppfatta som gammaldags.)

Sein

Modale hjelpeverb

haben, werden

Dei Andre verba

ich

sei

solle, müsse, könne, wolle

hätte, würde

würde gehen

du

sei(e)st

solltest, müsstest, wolltest, könntest

hätte, würde

würdest gehen

er, sie, es

sei

solle, müsse, wolle, könne

habe, werde

gehe

wir

seien

sollten, müssten, wollten, könnten

hätte, würde

würden gehen

ihr

seiet

solltet, müsstet, wolltet, könntet

hätte, würde

würdet gehen

sie/Sie

seien

sollten, müssten, wollten, könnten

hätte, würde

würden gehen

Hugsar du konjunktiv preteritum?

Konjunktiv preteritum med würde og infinitiv

Konjunktiv preteritum lagar vi som som regel med hjelpeverbet würde og infinitiv av hovudverbet:

  • Er würde gern kommen, aber er muss arbeiten. Han skulle gjerne ha komme, men han må arbeide.

  • Das würde mich freuen. Det ville gjort meg glad.

Haben og sein

Ved enkelte verb er det ikkje vanleg å bruke hjelpeverbet würde. Det gjeld mellom anna for verba sein og haben. Dei har ein eigen konjunktiv preteritum-form:

  • Das wäre schön! Det hadde vore fint!

  • Ich hätte auch gern eine Pizza. Eg vil også gjerne ha ein pizza.

Modale hjelpeverb

Også modale hjelpeverb dannar konjunktiv preteritum helst utan würde.

  • Du könntest mir ja helfen. Du kunne jo hjelpt meg.

  • Er müsste jetzt schon da sein. Han burde vere framme no.

Øving 1: Konjunktiv presens

Øving 2: Å referere frå artiklar

Øving 3: Intervju med ein elevrådsleiar

Øving 4: Konjunktiv av alle slag

Sidan du har jobba med referatkonjunktiv, har du kanskje allereie lært om "høfleg konjunktiv" og konjunktiv i ønskesetningar?

Prøv deg på denne øvinga og sjekk kva du kan om konjunktiv. Eller konkurrer med nokre medelevar og sjå kven som får flest rette svar. Kvart rett svar gir eitt poeng. Dersom du ikkje kan svare, går spørsmålet vidare til nestemann.

CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020