Presens passiv
Vi bruker aktiv form av verbet for å få fram kven det er som utfører handlinga:
- Politiet arresterer tjuven.
- Handverkarane pussar opp huset.
- Legen undersøker pasientane.
Passiv bruker vi når vi vil legge vekt på sjølve handlinga. Kven som utfører handlinga er kanskje opplagt, eller det er uviktig eller ukjent. Dermed kan denne informasjonen enkelt bli sløyfa:
- Tjuven blir arrestert.
- Huset blir pussa opp.
- Pasientane blir undersøkte.
I tysk dannar vi passiv form med hjelpeverbet werden (å bli) og perfektum partisipp av hovudverbet:
Der Dieb wird verhaftet. Tjuven blir arrestert.
Das Haus wird renoviert. Huset blir pussa opp.
Die Patienten werden untersucht. Pasientane blir undersøkte.
Når vi gjer om ei setning frå aktiv til passiv form, blir det direkte objektet frå aktiv-setninga til subjektet i passiv-setninga:
Subjekt (Nominativ) | Verbal | Direkte Objekt (Akkusativ) | |
---|---|---|---|
Aktiv | Die Polizei | verhaftet | den Dieb. |
Passiv | Der Dieb | wird verhaftet. |
Vi kan ta med i passiv-setninga kven det er som utfører handlinga, men då må vi gjere om subjektet frå aktiv-setninga til eit preposisjonsuttrykk. På tysk bruker vi dativpreposisjonen von ved personar:
Der Dieb wird von der Polizei verhaftet. Tjuven blir arrestert av politiet.
Das Haus wird von den Handwerkern renoviert. Huset blir pussa opp av handverkarane.
Die Patienten werden von der Ärztin untersucht. Pasientane blir undersøkte av legen.
Når subjektet i aktiv-setninga ikkje er ein person, bruker vi akkusativpreposisjonen durch:
Wir werden durch den Lärm geweckt. Vi blir vekte av støyen.
Viele Tiere werden durch Plastikmüll geschädigt. Mange dyr blir skadde av plastsøppel.
Perfektum partisippet står sist i setninga i forteljande setningar og spørjesetninger. Det bøygde verbet står på plass to:
Die Treppe wird jede Woche geputzt. Trappa blir vaska kvar veke.
Wann werden wir morgen früh geweckt? Når blir vi vekte i morgon tidleg?
I leddsetningar må som alltid det bøygde verbet stå sist. Perfektum partisippet, som er ubøyd, står nest sist:
Er sagt, dass die Treppe jede Woche geputzt wird. Han seier at trappa blir vaska kvar veke.
Anna fragt, wann wir morgen früh geweckt werden. Anna spør når vi blir vekte i morgon tidleg.
Gjer øvingane. Omsett dessutan eksempelsetningane til norsk.
Gjer øvinga. Omsett dessutan setningane munnleg til norsk.
Tilstandspassiv er ei form som uttrykker ein tilstand eller eit resultat. Vi dannar tilstandspassiv med hjelpeverbet å vere og perfektum partisipp:
Die Hausaufgaben sind gemacht. Leksene er gjorde.
Der Motor ist repariert. Motoren er reparert.
Das Schwimmbad ist geschlossen. Badeanlegget er stengt.