Preteritum passiv
I tysk dannar vi passiv form med hjelpeverbet werden (å bli) og perfektum partisipp av hovudverbet.
Tysk | Norsk | |
---|---|---|
Presens | Wir werden um sieben Uhr geweckt. | Vi blir vekte klokka sju. |
Preteritum | Wir wurden um sieben Uhr geweckt. | Vi blei vekte klokka sju. |
Preteritum passiv dannar vi med preteritumsforma av hjelpeverbet werden og perfektum partisipp av hovudverbet:
Das Zimmer wurde aufgeräumt. Rommet blei rydda.
Die Projektberichte wurden benotet. Prosjektrapportane blei vurderte med karakter.
Klikk på rett bøyingsform!
Gjer øvingane. Omsett dessutan alle eksempelsetningane munnleg til norsk.
I denne øvingssekvensen får du øvd på nyttige uttrykk frå skulekvardagen som du bør kjenne til.
I leddsetningar må som alltid det bøygde verbet stå sist. I passiv-setningar er det hjelpeverbet werden som har bøyingsending. Perfektum partisippet, som er ubøygd, står nest sist:
Wir wissen, dass gestern Schmuck im Wert von Millionen geraubt wurde. Vi veit at smykke til ein verdi av fleire millionar blei stolne i går.
Er erzählte, dass die Diebe verhaftet wurden. Han fortel at tjuvane blei arresterte.