Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Passiv form med modalt hjelpeverb

Dersom du er trygg på bruken av passiv i presens og preteritum, kan du prøve deg på passiv-setningar med modale hjelpeverb. Her finn du nokre øvingar.

Passiv med modalt hjelpeverb i setninga

Når ei passiv-setning inneheld eit modalt hjelpeverb, er det det modale hjelpeverbet som får bøying:

  • Die Tür muss geöffnet werden. Døra må opnast.

  • Die Fenster müssen geputzt werden. Vindauga må vaskast.

Deretter følger perfektum partisipp av hovudverbet, og til slutt kjem infinitivsforma av det passivdannande hjelpeverbet werden:

  • Der Lift konnte nicht benutzt werden. Heisen kunne ikkje brukast.

  • Das Klassenzimmer musste gelüftet werden. Klasserommet måtte luftast.

I nynorsk bruker vi vanlegvis såkalla st-passiv når setninga inneheld eit modalt hjelpeverb. Det vil seie at vi legg ein -ast til verbstammen: opn-ast, vask-ast, bruk-ast, luft-ast osb.

Tysk

Norsk

Presens

Der Koffer muss gepackt werden.

Kofferten må pakkast.

Preteritum

Der Koffer musste gepackt werden.

Kofferten måtte pakkast.

Presens perfektum

Der Koffer hat gepackt werden müssen.*

Kofferten har mått(a) pakkast.*

Vi bruker svært sjeldan presens perfektum-forma av modale hjelpeverb i tysk. Vi bruker heller preteritum. Heller ikkje på norsk høyrest verbalet "har mått(a) pakkast" særleg elegant ut, men av og til kan ein finne denne forma i skrift.

Øving 1: Presens passiv med modalt hjelpeverb

Øving 2: Munnleg trening

Øving 3: Preteritum passiv

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2020

Læringsressursar

Passiv form