Eigenvurdering
Eigenvurdering: Innføring i retorikk og argumentasjon
Her kan du sjekke kva du no veit om emnet "innføring i retorikk og argumentasjon" Har du fått med deg alt?
Kan du svare ja på alle spørsmåla nedanfor, har du god kjennskap til emnet:
- Du veit kva retorikk er.
- Du kan forklare dei tre retoriske appellformene etos, logos og patos.
- Du kan forklare og gi døme på korleis ulike medieuttrykk bruker etos, logos og patos i kommunikasjonen sin.
- Du har lært fagomgrep som standpunkt, argument og premiss.
- Du er medviten på saksargumentasjonen i andre sine medieuttrykk.
- Du kan velje formålstenlege retoriske verkemiddel og overbevisande argument når du lagar eigne medieuttrykk.
Fagomgrep | ||
---|---|---|
Retorikk | Argumentasjon | Medieuttrykk |
Etos | Logos | Patos |
Standpunkt | Premiss | Argument |
Åpen argumentasjon | Skjult argumentasjon | Debattinnlegg |