Oppgåve
Etos, logos og patos i reklamefilm
Sjå først denne reklamefilmen frå iskremfabrikken Hennig-Olsen Is. Etterpå skal du analysere korleis filmen nyttar dei retoriske appellformene etos, logos og patos.
Oppgåver
1. Korleis blir bilete, forteljarstemme, klipp, fargar, lydar, musikk og andre verkemiddel nytta
- for å skape truverd?
- for å gi informasjon?
- for å appellere til publikum sine kjensler ?
2. Kva for retorisk appellform er mest dominerande i reklamefilmen?
3. Kva for inntrykk får du av Hennig-Olsen is etter å ha sett filmen?
4. Gjer ein enkel retorisk analyse av ein annan reklamefilm. Leit på nett etter andre reklamefilmar. Vis filmen i klassen, og forklar bruken av etos, logos og patos. Er dei andre i klassen einige i vurderinga di? Bruk gjerne tid på å diskutere retorikken.
5. Planlegg ein reklamefilm for eit par joggesko.
- Kva for appellform vil du leggje mest vekt på?
- Kva for verkemiddel vil du nytte for å oppnå effekten du ønskjer?