Logos i medieuttrykk
Eit medieuttrykk med dokumenterte faktaopplysningar og eit bilete som viser resultatet, kan overtyde oss om at noko er riktig. Tenk berre på alle før- og etterbileta av kroppar som florerer i media og påstandar som "Drikk denne kaffien, så får du ny kropp på berre seks veker". Det er lett å la seg forføre av bilete som "bevis" at noko verkar.
I reklame blir det ofte spelt på appellforma logos for å overtyde målgruppa om at noko er fornuftig. Kioskkjeda 7-Eleven har tidlegare hengt opp informerande plakatar med påskrifta "Noreg er eitt av landa i Europa med flest tilfelle av klamydia".
Stopp og tenk
Kvifor vel 7-Eleven som hovudsakleg sel brus, pølser og is å fronte statistikk om kjønnssjukdom?
Svaret er enkelt: 7-eleven ønskjer å opplyse om at dei sel kondom. Det gjer dei ved å leggje fram statistikk. Vi kan derfor seie at teksten i plakaten vektlegg appellforma logos. Statistikken er sannsynleg og appellerer til fornufta vår. På denne måten kan 7-Eleven vekke forståing for bodskapen sin, og samtidig minne om du kan kjøpe kondom i kiosken deira. Det er ein tydeleg og logisk bodskap.
I journalistikken kan vi òg finne eksempel på bruk av logosargumentasjon for å påverke mottakarane. I starten av 2020 fekk til dømes koronaviruset mykje medieomtale, og mange vart redde for å bli smitta. Media var til tider med på å forsterke frykta for koronaviruset.
I ein kommentar i Aftenposten skreiv journalist Joacim Lund at folk måtte roe ned den irrasjonelle frykta. Argumenta hans var logiske: "Vi må ikkje kjøpe munnbind på grunn av koronaviruset."
Han sikta til oppslaga om at apoteka var utselde for munnbind, og at folk oppsøkte tannlegen sin for å skaffe dei. Når vi tenkjer oss om, forstår vi at å hamstre munnbind kan verke noko hysterisk.
Dersom logosargumentasjonen din skal fungere, må du klare å beskrive verda på ein slik måte at mottakarane kjenner seg igjen. I tillegg må argumenta som du underbyggjer påstandane dine med, verke sanne eller sannsynlege. Først då kan mottakarane bli overtydde.
Tenk over
- Korleis blir bilete brukte i nyheitsartiklar og TV-reportasjar for å styrkje logos i formidlinga?
- Korleis blir kjelder og/eller stemma til kjelder brukt?
- Reflekter over journalisten som sanningsvitne og retorikken i nyheitsbilete.
Lund, J. (2020, 27. februar). Vi må ikke kjøpe munnbind på grunn av koronaviruset. Langt ifra. Aftenposten. Henta frå https://www.aftenposten.no/meninger/kommentar/i/opQGjK/vi-maa-ikke-kjoepe-munnbind-paa-grunn-av-koronaviruset-langt-ifra-joacim-lund?