Arbeidsoppdrag
"Plant eit tre"
I dette arbeidsoppdraget skal du øve deg på å lage reklame til ulike målgrupper og kanalar. Vel naturvernorganisasjonen som har bestilt oppdraget. Korleis skal du utforme bodskapen for to ulike målgrupper og kanalar?
- Finn ut i klassen kva naturvernorganisasjonar de kjenner til. Vel dykk éin av dei.
- Bodskapen er: "Plant eit tre". Du kan omformulere dette og leggje til informasjon.
- Lag to digitale reklameplakatar.
- Den eine reklameplakaten skal vere retta mot vaksne. Den skal vere et banner på nettsidene til vg.no.
- Den andre reklameplakaten skal vere retta mot 16–19-åringar. Denne skal dukke opp som reklame mellom "stories" på Snapchat.
- Definer målgruppe og lag personas.
- Gjer deg kjend med stil og format for reklame i dei to ulike kanalane.
- Lag moodboard og grovskisser.
- Finn brukbare bilete på nett, eller ta eigne bilete om nødvendig.
- Produser reklamane dine.
- Skriv refleksjonsnotat, og lever plakatane og refleksjonsnotat til læreren din.