Oppgåve
Bruk kommunikasjonsmodellane
Bruk den semiotiske modellen, Lasswells kommunikasjonsmodell og prosessmodellen og løys oppgåvene.
Oppgåve 1
- Emoji er smilefjes som blir brukte i elektroniske meldingar og sosiale medium. Fortel ein klassekompis om noko som har hendt, berre ved å bruke emoji-teikn.
- Kva for emoji-teikn er lette å bruke, og kva for teikn saknar du?
- Kva for teikn er vanskelege å bruke saman?
- Blei bodskapen oppfatta slik du hadde tenkt?
Oppgåve 2
Samarbeid i små grupper om å planleggje produksjonen av ein medietekst for ein oppdragsgivar. Planen de lagar, skal svare så konkret som mogleg på spørsmåla i Lasswells kommunikasjonsmodell: Kven (1) seier kva (2) til kven (3) i kva kanal (4) og med kva verknad (5)?
Vel mellom desse oppdraga:
- Eit mediehus skal lage nyheiter for Snapchat.
- Ein pølsefabrikk må trekkje inn att eit parti morrpølse fordi det er funne bakteriar.
- Ei popgruppe lanserer ei ny låt.
- Ein skule skal lansere ein premie som skal givast til ein elev som blir trekt ut blant dei elevane som har minst fråvær.
- Resultatet av det siste lokalvalet skal gjerast kjent.
Oppgåve 3
- Forklar kva vi meiner med støy i ein kommunikasjonsprosess.
- Finn tre døme på det du meiner er støy i mediekommunikasjon.
- Kva meiner du burde vore gjort for å unngå støy i dei døma du har funne?