Hopp til innhald
Fagartikkel

Tolking av teikn

Vi tolkar teikn på bakgrunn av dei konvensjonane og kodane som gjeld i eit bestemt sosialt miljø. Denotasjonar er den grunnbetydninga eit teikn har. Konnotasjonar er assosiasjonar som medlemmer i ei sosial gruppe i fellesskap knyter til teikna.

Form og innhald

Teikn er tosidige: Dei har både ei form- og ei innhaldsside. Ulike teikn kan ha det same innhaldet, og det same teiknet kan ha ulikt innhald. Eit døme er ordet gift, som har eit svært ulikt innhald dersom det blir brukt som substantiv i staden for adjektiv.

Konvensjonar og kodar

Vi lærer å tolke teikna som omgir oss, i samspel med andre i den sosiale gruppa eller kulturen vi høyrer til. Denne prosessen kallar vi . Kjennskap til sosiale , eller overeinskomstar, er naudsynt dersom vi skal kunne kommunisere med andre.

Kodar er reglar som gjeld i samspelet mellom medlemmer i ei gruppe. Dei fleste skuleelevar tek på seg andre klede når dei går på skulen, enn det dei bruker når dei skal ut på laurdagskvelden. Merkeleg nok er dei kleda dei vel, nokså like det dei andre i klassen går med! Gjennom val av klede signaliserer vi kven vi er, og kva gruppe vi gjerne vil høyre til.

For ein utanforståande er det lett å få auge på kva kleskode som gjeld i ei bestemd sosial gruppe. På den same måten finst det etablerte kodar for kva betydning alle dei andre teikna vi omgir oss med, har. Dei fleste under 40 veit at aubergine-emojien ikkje handlar om mat, mens det ikkje er sikkert at godt vaksne kjenner til denne koden. Dei fleste i ein vestleg kulturell kontekst forstår at ei kvit due står for fred, og at dersom nokon viser deg fingeren, er det grunn til å bli fornærma.

Konnotasjonar og denotasjonar

Konnotasjonar er tilleggsbetydningar av eit teikn. Dei kjem frå dei felles eller førestillingane eit teikn kallar fram hos dei fleste som høyrer til ei bestemd sosial eller kulturell gruppe. I tillegg kan vi ha heilt private assosiasjonar, men desse gir meining berre for oss sjølv som enkeltindivid.

Ordet "vinter" gir i Skandinavia assosiasjonar om snø, kulde, ski, jul og varm sjokolade framfor peisen. Ein innbyggjar frå det nordlege Australia vil neppe ha dei same assosiasjonane, sidan vinteren der kjem i juli og er mykje mildare.

Vi kan tenkje oss at det er mogleg å fjerne alle slike kjenslemessige assosiasjonar knytt til eit teikn. Dette direkte, reint saklege, innhaldet i eit teikn kallar vi denotasjon. Når vi skal tolke eit teikn, kan det vere nyttig å starte med å beskrive det alle kan vere einige om: denotasjonen. Ein hest er eit dyr med hovud, hals, kropp, hale og fire bein, dette er denotasjonen til teiknet "hest". Men dersom vi seier at hesten symboliserer styrke og seksualdrift, handlar dette om kulturelt funderte konnotasjonar.

Tenk over / diskuter

Kor viktig er det å vere bevisste på konnotasjonane til eit teikn når vi kommuniserer?

Kan den tradisjonelle 17. mai-salutten ha ubehagelege konnotasjonar for enkelte?