Hopp til innhald

Fagstoff

Formelrekning

Den enklaste bruken av ein formel er å setje inn tal for dei kjende variabla og rekne ut svaret direkte. Men av og til gir innsetjinga av tal oss ei likning vi må løyse.

Ein fotballbane har form som eit rektangel. Vi lar den lengste sida vere grunnlinja, og den kortaste sida vere høgda. Oppskrifta for å rekne ut arealet av eit rektangel er gitt ved formelen

A=g·h

Du må altså multiplisere lengda av grunnlinja, g , med lengda av høgda, h for å rekne ut arealet.

Døme

Sør Arena, Kristiansand

Vi skal rekne ut arealet av ein fotballbane der sidelengdene er 68 m og 105 m.

Ein fotballbane har form som eit rektangel. Vi lar den lengste sida vere grunnlinja, og den kortaste sida vere høgda.

Vi får at

A=g·h=105 m·68 m=7140 m2

Døme

La arealet av eit rektangel vere 100 m2. La grunnlinja vere 25 m. Vi ønskjer å finne ut kor stor høgda er.

Vi set inn det som er kjent i formelen for arealet av eit rektangel, og ser at vi får ei likning der høgda er den ukjende.

Vi må løyse denne likninga

       A = g·h    100=25·h  -25h=-100-25 h-25=-100-25        h=4

Høgda er 4 m.

Døme

Formelen for arealet av eit rektangel gir oss oppskrifta for å finne arealet når grunnlinja og høgda er kjent.

Vi såg ovanfor korleis vi kan finne høgda når arealet og grunnlinja er kjent ved å setje inn i formelen og løyse ei likning.

Men vi kan også handsame formelen som ei likning og finne ein formel for høgda.

A = g·h  g·h=A      Vi kan byte om  venstre og høgre side.g·hg=Ag      Vi kan dele med g  begge sider.                 Hugs at g står for eit tal.    h=Ag      Vi har ein formel for høgda.

CAS-utrekning med GeoGebra. På linje 1 er det skrive Løys parentes A er lik G multiplisert med h komma, h parentes slutt. Svaret er h er lik A delt på G. Skjermutklipp.

Vi kan òg finne denne formelen med hjelp av CAS og kommandoen "Løys(<Likning>, <variabel>)".

Døme

Formelen for arealet til eit kvadrat er gitt ved A=s2 der s står for lengda av sidene i kvadratet.

Kor lang er sida i eit kvadrat med areal lik 27 m2?

Vi bruker formelen for arealet

  A = s2 27=s2  s2=27             Sidelengda i eit kvadrat   s=27=5,2    kan ikkje vere negativ.

Sidelengda i kvadratet er 5,2 m.

Døme

Termometer på strand under en hetebølge. Foto.

I USA måler dei temperaturar i grader fahrenheit.

Samanhengen mellom temperatur målt i grader fahrenheit og grader celsius er gitt ved formelen

F=95·C+32

Her står C for temperaturen målt i celsiusgrader og F for temperaturen målt i fahrenheitgrader.

Ein temperatur på 28 ˚C vil då i fahrenheitgrader vere

F=95·28+32=50,4+32=82,4

Døme

La temperaturen vere 86 grader fahrenheit. Kva svarar til det i grader celsius?

Vi set inn det som er kjent i formelen for samanhengen mellom temperatur målt i grader fahrenheit og grader celsius, og vi får ei likning der grader celsius er den ukjende.

For å finne temperaturen i celsiusgrader, løyser vi likninga

    86 = 95·C+32 86·5=95·C·5+32·5  430=9C+160 -9C=160-430-9C-9=-270-9     C=30

Temperaturen er 30 grader celsius.

CAS-utrekning med GeoGebra. På linje 1 er det skrive 86 er lik 9 delt på 5 multiplisert med C pluss 32. Svaret med "Løys" er C er lik 30. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Løysing i CAS i GeoGebra:

CC BY-SASkrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021

Læringsressursar

Likningar