Eit nettverk består av fleire nettverkseiningar som er kopla saman. Tenk deg at alle datamaskiner som knytt opp til ein skule eller ei bedrift, er kopla saman til det same nettverket. Då kan kommunikasjon skje, både med tanke på å lagre data på servarar på skulen eller i bedrifta og for å kunne ta utskrift av arbeid, som presentasjonar eller dokument, på ein nettverksskrivar.
For å kommunisere via nettverk er vi derfor avhengige av ulike nettverkseiningar som støttar ulike nettverksprotokollar. Ein nettverksprotokoll definerer reglar og konvensjonar for kommunikasjonen mellom ulike einingar i nettverk.
CC BY-SASkrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2019