Hopp til innhald

Fagstoff

Breiband

Noreg er i verdstoppen når det gjeld breibandsteknologi og har eit godt utbygd nettverk for å gi høg fart til både privat- og bedriftskundar.
Ein glødande jordklode er på veg ut av ein skjerm. I bakgrunnen skimtar vi eitt-tal og nullar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kort fortalt er breiband signalvegen som gjer at vi kan kommunisere på internett. Det finst ulike løysingar for dette, litt avhengig av kvar ein er.

Breiband via koparkabel (DSL)

Tilbake på 1980-talet hadde dei fleste husstandar ein telefon som var tilknytt ein telefonsentral via ei telefonlinje. Denne telefonlinja bestod av to kopartrådar til kvar husstand. På denne tida var det òg vanleg at nordmenn kjøpte sin første datamaskin. På byrjinga av 1990-talet blei internett ein realitet. Ved hjelp av eit modem som vi kopla til telefonlinja, kunne vi «ringje opp» internett. Då «okkuperte» vi telefonlinja med internettbruken, og telefonen kunne ikkje brukast samstundes.

Seinare kom ISDN, som gjorde at ein kunne nytte både internett og telefonlinja samstundes. Kommunikasjonen gjekk framleis føre seg over eit par kopartrådar.

No er mobiltelefonen allemannseige, og telefonlinjene er heilt vekke for privatkundar. Teknologien er òg blitt oppdatert for bedrifter, der det gjerne berre er den interne kablinga som er av kopar.

Teknologien for internett via koparkabel heiter DSL (digital subscriber line), og dei meste kjende underkategoriane er ADSL og VDSL.

Meir informasjon om DSL på Wikipedia

Koparkabelen har sine avgrensingar når det gjeld fart, bandbreidd og rekkjevidde. Derfor har koparkablane blitt bytte ut med fiberkablar i store delar av landet.

Fiberkabel

I fiberkablar blir signalet overført i form av lys inni kabelen, og overføringa blir rekna for å vere tapsfri. Det vil seie at vi kan overføre data over mykje større avstandar enn vi kan med koparkablar. Her kan datastraumen overførast veldig hurtig og med høg bandbreidd; det er sendar- og mottakarutstyret i kvar ende som set avgrensingane. Stadig fleire privatbustader og bedrifter blir tilknytte fibernettet.

Les meir om fiberoptikk på Wikipedia

Breiband via kabel-TV (antennekabel)

Vi kan òg vere tilkopla internett via ein kabel som tidlegare blei brukt til kabel-TV. Denne blir gjerne kalla antennekabel eller koaksialkabel. Fordelen med dette er at abonnenten allereie er tilknytt nettverket for kabel-TV, og ein slepp å leggje ny kabel. Minuset er at hastigheitene som blir tilbodne, er lågare enn det ein kan få med fiberkabel.

Hastigheiter som blir tilbodne, er typisk 50 og 100 Mbps (megabit per sekund) ved nedlasting og 10 Mbps ved opplasting. Teknologien gjer det òg mogleg med endå høgare hastigheiter.

Mobilt breiband

5G-stand på messe med eit stort og lysande 5G-skilt. Foto.

Utviklinga av smarttelefonar har ført til at vi stadig meir bruker mobilen til å vere på internett. Med mobilen har vi tilgang til å surfe trådlaust nesten kvar helst vi er, så lenge vi er tilknytte ein sendar. Her har oppgraderinga skjedd i takt med utviklinga av mobiltelefonen, frå 1G til 5G (5. generasjon).

Mens 2. generasjon (2G) gav oss moglegheita til å skrive SMS-ar (tekstmeldingar) til kvarandre, gir 5G oss no ei heilt ny verd av moglegheiter. No snakkar vi langt høgare hastigheiter og bandbreidd, og dessutan raskare responstid.

5G handlar om mykje meir enn berre mobilen. Vi snakkar om sjølvkøyrande bilar og fjernstyring av maskinar i sanntid, og vi snakkar om smarthus og VR (virtual reality), berre for å nemne noko. Talet på einingar som kan vere tilkopla nettet samstundes, er enormt.

I framtida med 5G vil andre løysingar bli fasa ut, sidan dei aller fleste einingane som er kopla til internett, vil vere knytte til 5G-nettet. Dette vil gi store ringverknader for oss alle på fleire område. Vi er ikkje lenger avhengige av kablar for å vere på nett med tilfredsstillande kapasitet.

5G har om lag 10 gonger høgare fart enn 4G, noko som gjer at ein kan laste ned ein film i 4K-format til ein mobiltelefon i løpet av nokre sekund.

Grunnen til at det tek så lang tid å byggje ut 5G-nettet, er at det trengst fleire basestasjonar enn til 4G. 5G stiller større krav til klar sikt og vil vere meir sårbart for dårleg vêr.

Test hastigheita på nettet ditt (Ookla speedtest)

Aktuelle hastigheiter på dei ulike breibandsløysingane

Desse tala er teoretiske og er gjerne målte med prikkfritt teknisk utstyr og under optimale vêrforhold. Tala gir oss uansett ein indikasjon på kva veg utviklinga går. 5G har blitt testa i langt høgare hastigheiter enn dei som er lista opp her, så det står att å sjå kva hastigheiter som blir tilbodne sluttbrukarane i åra som kjem.

Teknologi/kabel

Fart nedlasting/opplasting

ADSL

20/1 Mbps ved 1000 meter kabellengd

VDSL

25/5 Mbps ved 1000 meter kabellengd

Fiberkabel

1000/1000 Mbps, avhengig av utstyr

Antennekabel

100/10 Mbps, avhengig av utstyr og kabellengd

4G, 4G+, 4G++

150, 225, 450 Mbps, avhengig av dekning og utstyr

5G

1–2 Gbps, avhengig av dekning og utstyr

CC BY-SASkrive av Dag Olav Lereim. Rettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 04.09.2020

Læringsressursar

Nettverkseiningar