Kva må du dokumentere i IT-system? - Elektroniske krinsar og nettverk (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva må du dokumentere i IT-system?

IT-system er forskjellige, men dei har likevel mykje felles. Det gjer at vi kan lage ei liste over kva vi må tenkje på når vi skal dokumentere systemet.

Vurder å dokumenter følgjande:

  • Nettverkskart
    Dette dokumenterer vi vanlegvis i form av eit diagram som viser dei mest sentrale nodane i nettverket og korleis dei er kopla saman – tenarar, ruterar, svitsjar og brannmurar til dømes. I tillegg bør du ta med kvar kablar er trekte, kvar sentrale koplingspunkt er, og plasseringa av uttak for maskiner. Det kan også vere nødvendig å dokumentere kva slags kablar som er brukte i ulike delar av nettet (type og kapasitet). Det er gjerne tenleg å bruke ei planteikning over bygningen som nettverket omfattar, og merkje av kabelstrekk og koplingspunkt på denne. I eit nettverk som er kabla etter dei tilrådingane og spesifikasjonane som gjeld for lokalnettverk, skal alle kablar og koplingspunkt også vere merkte, slik at kvart uttak har ein unik ID (til dømes eit nummer). Desse ID-ane bør også vere med i dokumentasjonen.
  • Tenarinformasjon
    Dette omfattar tenarnamn og funksjon (filtenar, e-posttenar, webtenar og så vidare), IP-adresse(r), disk-konfigurasjon, operativsystem, leverandør, garanti, serviceavtale og så vidare.
  • Tenarkonfigurasjonar
    Dette omfattar rettar og tilgangar i nettverket (Active Directory for Windows-tenarar).
  • Ruter- og brannmurkonfigurasjon
    Dette omfattar IP-adresser, ruterkonfigurasjon, brannmurreglar, internettilkopling, internettleverandør og ekstern tilgang for tilsette (VLAN).
  • Konfigurasjon av nettverkstenester
    Dette er blant anna DNS (Domain Name System) og DHCP (Dynamic Host Configuration Protocol).
  • Kritiske program
    Dette gjeld kva program som blir brukte i nettverket, og eventuelle spesielle krav til utstyr, kven som bruker programma, og kven som er leverandøren.
  • Programvarelisensar
    Du må ha oversikt over kva slags lisensar verksemda har for alle program, og kva avgrensingar lisensane har.
  • Tryggleiksspolicy inklusiv rutinar for tryggleikskopiering

Hugs at systemdokumentasjonen også må sikrast mot innsyn frå uvedkomande.

Skrive av Arne Jansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 13.05.2022