Hopp til innhald

Fagstoff

TCP/IP-modellen

For at pakkebaserte nettverk skal fungere, må fleire ulike protokollar og tenester arbeide saman. TCP/IP-modellen viser overordna korleis datapakkar blir bygde opp med nødvendig informasjon som trengst for å få dei fram til riktig mottakar og program.
Verdenskart laga av blå og kvite prikkar. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

TCP/IP-modellen er bygd opp av fem nivå (lag) og blir ofte kalla for femlagsmodellen. Kvart lag representerer ei teneste eller protokoll som trengst for å kommunisere over nettverk. Det er òg eit lag for det fysiske utstyret og mediet som datapakken blir send via.

Lag nummer

Namn

Døme

5

Applikasjonslaget

Chrome (HTTP), Steam, VLC

4

Transportlaget

TCP- og UDP-protokoll

3

Nettverksslaget

IP-protokoll

2

Datalinklaget

ARP-protokoll og Ethernet

1

Det fysiske laget

Fiber, Wifi, Kopparnettverk

Kvart lag gjer ein bestemd serie med oppgåver og kommuniserer berre med laget rett over og rett under. Når eit program ønskjer å sende data, sender det informasjonen til tenester og protokollar nedover i modellen. Kvart lag nedover legg til informasjon til datapakken. Når pakken når det fysiske laget på botnen av modellen, blir han sendt over til mottakaren, og her går prosessen i revers oppover i modellen heilt til programmet på den andre sida får dataa.

I animasjonen under blir det vist korleis pakken blir sett saman, kva informasjon kvart lag legg til og korleis pakken så blir tolka på mottakarsida.

I modellen har vi ei rett linje ned frå applikasjonen gjennom laga til det fysiske laget. Dette skjuler ein av dei viktigaste fordelane med å gjere kommunikasjon på denne måten. Ei maskin har som oftast mange applikasjonar som køyrer samtidig og som bruker nettverk eller internett. Alle desse vil bruke dei same protokollane nedover i modellen. Kvar applikasjon treng dermed berre å vite litt av informasjonen, og alle kan sende dataa sine via dei same systema/protokollane vi finn nedover i modellen.

Ein nettlesar treng ikkje vite kva slags nettverkskort maskina har, kor stor datapakken kan vere eller kor mange det er av dei. Dette og mykje meir blir handtert saumlaust nedover i modellen. Dette gjer det lett å lage applikasjonar, det gjer det lett å feilsøke nettverk og vi kan enkelt introdusere nye protokollar og framleis nytte oss av gamle i laga over og under.


TCP/IP-modellen med fem lag er ei forenkling, laga for å gjere det lettare å forstå korleis protokollar og tenester arbeider saman. Det finst alternative modellar som har ei meir findelt eller grovare inndeling. Døme på dette er OSI-modellen med dei sju laga sine og ein 4-lags TCP/IP-modell som liknar 5-lagsmodellen, men ikkje tel med det fysiske laget.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2020

Læringsressursar

Nettverkseiningar