Hopp til innhald

Fagstoff

Terminering av RJ45-plugg

Her lærer du korleis du terminerer ein nettverkskabel med 8-pin-plugg (RJ-45).

Patchkabel – montering

No skal nettverkskabelen terminerast i ein 8-pin 8P8C-plugg (RJ-45). Her er det viktig at du har rett fargekode i rett rekkjefølgje. Lær deg korleis han blir terminert og prøv sjølv. Memorer fargekodane i riktig rekkjefølgje, og legg merke til at par 2 (grøn) blir splitta i pluggen. Her les vi, og legg leidningar, frå venstre mot høgre. Montørar som ikkje kan dette skikkeleg, risikerer å måtte feilsøke på nye installasjonar, noko som er uheldig for alle partar.

Vi bruker T568B-standarden for terminering av nettverkskabel.

1.

2.

3.

4.

5.

6.

7.

8.

Kvit-Oransje

Oransje

Kvit-Grøn

Blå

Kvit-Blå

Grøn

Kvit-Brun

Brun

Nettverksplugg med undersida (den kor sjølve kontaktpunkta er) opp. Foto

Viss du har nettverkspluggen med kontaktpunkta og hòlet der kabelen skal inn i pluggen, mot deg, så startar du frå venstre med kvit-oransje-leiaren.

Når det blir laga ein ethernetkabel, skal aldri meir enn cirka 2 cm av kabeltvinninga bli teken opp. Dette er for å unngå støy ("crosstalk"). Ethernetkablar bør aldri bøyast eller deformerast mykje, det vil seie aldri meir enn tilsvarande kurva på ei CD-plate. Dei skal heller ikkje leggjast i nærleiken av støykjelder som høgspentleidningar, lysstoffrøyr eller liknande som kan føre til støy.

Kryssa kabel

Instruksjonen over viser korleis ein vanleg nettverkskabel blir laga. Det finst òg ein annan variant, som vi kallar ein kryssa kabel. Desse blei tidlegare brukte mellom svitsjar, eller viss datamaskiner blei kopla direkte til kvarandre. I dag har det meste av utstyr støtte for Auto MDI-X-standarden, som internt tek seg av eventuell kryssing. Det er derfor vanlegvis ikkje nødvendig å bruke kryssa nettverkskablar i nettverk.

CC BY-SASkrive av Haldor Hove og Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2019

Læringsressursar

Nettverkseiningar