Volleyball blir ofte brukt i kroppsøvingsundervisninga. Du er i aktivitet, samtidig som du får øvd på eigenskapar som samarbeid og fair play.
Volleyball i Noreg
Volleyball vart i utgangspunktet tenkt som idrett for kvinner og vart innført i Noreg av Arbeidernes Idrettsforbund i 1936. Norges Volleyballforbund vart stifta i 1946, og dei arrangerte NM for begge kjønn frå og med same året. NM-finalane vart spelte utandørs fram til 1969, men vart flytta innandørs i 1970. Sandvolleyball kom til Noreg midt i 1980-åra, med NM frå 1993.
Volleyball i skulen
Dei fleste har spelt volleyball i kroppsøvingsundervisninga på skulen. Volleyball er ein aktivitet, der du i tillegg til å spele, også får jobba med samarbeid og fair play. Du får òg bruke eigne kunnskapar og evner til å gjere medelevane dine gode gjennom øvingar, leik og spel.
Til liks med andre ballspel er det mange eigenskapar du får øvd på i volleyball. Du trener koordinative eigenskapar som auge-hand-koordinasjon, tilpassa kraftinnsats, romorientering, reaksjon og rytme. Du trener òg fysiske eigenskapar som spenst og snøggleik.
Kjelde
Sjursen, Ø., Bryhn, R. & Fossum L. R. (2020, 15. januar). volleyball i Store norske leksikon. https://snl.no/volleyball