Hopp til innhald

Kroppsøving (vg1)

    Rørsleaktivitet

    Kroppen er laga for å vere i rørsle. Ved å vere i regelmessig aktivitet held vi oss i form og reduserer risikoen for å få sjukdommar og skadar. Det finst mange ulike aktivitetar du kan drive med. I dette emnet har vi samla idrett, dans og andre aktivitetar.

    Idrettar

    Historia til idretten går fleire tusen år tilbake i tid. Kinesarane dreiv med idrett for 4000 år sidan, og dei gamle egyptarane dyrka idrettar som symjing, fisking, spydkast, høgdehopp og bryting. Den "moderne" idretten, derimot, oppstod først i England på 1700-talet.

    Badminton

    Badminton er eit nettspel der målet er å få ein fjørball til å lande på motstandaren sin banehalvdel. Spelet er ein gammal idrett, som har over tusen år lang tradisjon i Kina, Japan og Thailand, og også blant sør- og nordamerikanske urfolk.

    Læringsressursar

    Badminton