Hopp til innhald

Fagstoff

Undervisningsopplegg i badminton, økt 1

Det er mange ulike måtar å bruke badminton på inn mot fagfornyinga. Her er nokre forslag der vi legg vekt på samarbeid med læringspartnar, leik, reglar og grunnleggande teknikkar. Dette er den første av tre økter.
Fjørball på golv i framgrunnen, personar som speler badminton i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Til lærar

Dette undervisningsopplegget er eit nybyrjaropplegg som går over tre økter, med badminton som aktivitet. For å kunne jobbe med badminton som aktivitet er det viktig å lære seg nokre grunnleggande slag, i tillegg til å forstå og nytte reglane.

Samarbeid og læringspartnar

Samarbeid er eit viktig stikkord for å kunne bli betre og bidra til si eiga og andre si utvikling. Derfor er det mange samarbeidsøvingar. I opplegga er det mange øvingar, slik at det er rom for å velje øvingar sjølv og tilpasse til ulike klassar og undervisningsgrupper.

Alle elevane har ein fast læringspartnar i desse tre øktene. Når elevane skal jobbe saman i par, jobbar dei med læringspartnaren sin. Når elevane skal jobbe i grupper på fire, går to og to læringspar saman. Dei skal ha faste læringspartnarar fordi det då vil bli enklare for dei å samarbeide, komme raskt i gang og øve på å gi positive og konstruktive tilbakemeldingar. Slik kan elevane jobbe med å gjere kvarandre gode.

Rørsleglede og innsats

Skal elevane oppnå rørsleglede, er det viktig å få fram at det er lov å ikkje få til alt. Likevel har innsatsen og det å halde fram med å øve og prøve ei betydning for framgangen og meistringa i aktiviteten. Alt dette er ein del av ein læringsprosess. Det er ikkje ferdigheitene i aktiviteten som er det viktige, men korleis elevane løyser oppgåvene dei får.

Læringsmål for heile perioden (tre økter)

Målet med øktene er at de skal

  • trene på ballkontroll, serve og clearslag

  • gi konstruktive og positive tilbakemeldingar

  • forstå og nytte reglar i spel

Filmar om teknikkar i badminton

Førebuing

  • Sjå videosnuttane over før timen, til dømes i heimelekse.

  • Ta ein prat om læringsmåla for perioden. Skriv dei gjerne opp på ei tavle eller eit lerret, og repeter i løpet av økta.

  • Ta ein prat om kva det betyr å gi positive og konstruktive tilbakemeldingar.

Oppvarming

  1. Triksing med fjør og racket ein og ein: Alle har kvar sin racket og fjør. Her er forslag til nokre øvingar:

    1. låge pasningar
    2. høge pasningar, gjerne opp i taket
    3. annakvar høg og låg pasning
    4. dempe fjøra på racketen
    5. slå fjøra under det eine beinet
    6. slå fjøra med racketen bak ryggen
    7. setje seg på golvet (på rumpa) mellom kvart slag
    8. legge seg ned på ryggen mellom kvart slag
  2. Gå saman i læringspar og slå pasningar til kvarandre.

Hovuddel

  1. Gruppesamtale om badminton: Diskuter i læringspar eller gruppe, før de samanfattar i plenum. Kva veit de om

    1. grep på racketen
    2. reglar
    3. serve
    4. forehand og backhand
  2. Praktisk gjennomgang av forehand- og backhandserve

    1. Sjå video om forehand- og backhandserve.
    2. Serveøving: To læringspar speler på ein bane. Kvart læringspar servar diagonalt til kvarandre. Ein servar, den andre tek imot med hendene og servar tilbake. Ta 10 forehandservar og 10 backhandsservar. Hugs å gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar undervegs.
  3. Kvar gruppe ser på videoen om clearslag. Faglærar går igjennom teknikk og hugsereglar med kvar enkelt gruppe. Hugsereglar:

    1. høg olboge
    2. treffe fjøra med strak arm
    3. plassering av fjøra på motstandaren sin banehalvdel (langt bak)
  4. Clearslag: Samarbeid i læringspar ved å slå clearslag til kvarandre. Kor mange slag klarer de samanhengande? Minn kvarandre på å ha høg olboge og å treffe fjøra med strak arm. Hugs å gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar undervegs.
  5. Spel: To læringspar på kvar bane. Kvart læringspar speler single mot kvarandre til 5 poeng. Så speler det andre læringsparet single mot kvarandre til 5 poeng. Deretter speler alle fire dobbel til 5 poeng. Gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar etter kvar kamp.

Avslutning

Samanfatt kva de har lært denne timen.

  • Kva hugsar de om reglar, serve og clearslag?
  • Kva har de gjort for å bidra til eit godt samarbeid i par og grupper?

  • Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har de gitt til læringspartnaren dykkar?

  • Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har de fått frå læringspartnaren dykkar?

Diskuter i læringspar eller gruppe før de samanfattar i plenum.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2020

Læringsressursar

Badminton