Hopp til innhald

Fagstoff

Reglar for volleyball

Målet med spelet er å vinne flest mogleg poeng ved å slå ballen ned på banehalvdelen til motstandaren. Kvart lag kan berre røre ballen tre gonger før han må sendast over nettet. Same spelar kan ikkje slå ballen to gonger etter kvarandre, med unnateke dersom første berøring er i blokk.

Banen

Volleyballbane med banemål sett ovanfrå. Illustrasjon.

Banen er 18 x 9 m. Aksen gjennom midtlinja deler banen i to banehalvdelar som kvar måler 9 x 9 m. På kvar banehalvdel blir det drege opp ei angrepslinje 3 m frå aksen gjennom midtlinja. Servefeltet er bak heile baklinja, i heile banebreidda. Nettet skal vere 1 x 10 m. Netthøgda er 243 cm for menn og 224 cm for kvinner.

Talet på spelarar

Kvart lag har heile tida seks spelarar på banen.

Poeng, vinnar av sett og kamp

Volleyballbane sett ovanfrå. På kvar av banehalvdelane er det høvesvis ei raud og ei blå pil som viser korleis laga roterer. Illustrasjon.

Volleyball blir spelt med "running score", det vil seie at kvar ballveksling gir poeng, same kven som servar. Eit lag vinn 1 poeng ved å spele ballen i bakken/golvet på banehalvdelen til motstandaren, eller når motstandaren gjer ein feil. Eit sett blir vunne av det laget som først vinn 25 poeng med ei minimumsleiing på 2 poeng. Dersom det står 24–24, held spelet fram til eitt av laga har oppnådd ei leiing på 2 poeng. Kampen blir vunnen av det laget som har vunne tre sett. Dersom stillinga er 2–2 i sett, blir det avgjerande settet (det femte) spelt til 15 poeng med ei minimumsleiing på 2 poeng.

Oppstilling, serve

Tre spelarar har oppstart ved nettet, dei tre andre er bakspelarar. Idet servaren slår ballen, skal begge laga vere innanfor sine eigne banehalvdelar i korrekt rotasjonsorden. Når ballen er serva, kan spelarane flytte seg omkring og ta kva posisjon som helst på sin eigen banehalvdel.

Rotasjon

Når det andre laget har vunne retten til å serve, skal spelarane på laget rotere ein posisjon med klokka.

Banebyte

Etter kvart sett byter laga banehalvdel, med unnateke før det avgjerande settet. I det avgjerande settet byter laga banehalvdelar utan forseinking når eitt av laga når 8 poeng. Spelarane held dei same posisjonane.

Nettpassering

Laget har rett til maksimalt tre slag for å returnere ballen over nettet. Ein ball som blir spelt inn på banehalvdelen til motstandaren, må passere over nettet innanfor passeringsområdet. Passeringsområdet er den delen av vertikalplanet til nettet som er avgrensa nedst av øvre nettkant og øvst av taket. Ein ball som passerer nettet, kan vere borti det. Ein ball som blir spelt inn i nettet, kan spelast vidare innanfor grensa av dei tre slaga laget har rett på.

Nettfeil

Det skal dømmast nettfeil når ein spelar

  • er borti ballen eller ein motstandar i rommet til motstandarlaget før eller mens motstandarlaget er i angrepsspel
  • trenger inn i spelerommet til motstandarane under nettet og hindrar spelet deira
  • trenger inn på banehalvdelen til motstandarlaget
  • er borti nettet når han eller ho er i aksjon for å spele ballen
  • forstyrrar spelet

Serven

Serven er den handlinga som set ballen i spel. Det er høgre bakspelar som servar, plassert i servesona. Når det servande laget vinn ballvekslinga, skal den servaren som sist serva, serve på nytt. Når det mottakande laget vinn ballvekslinga, overtek det retten til å serve og gjer ei rotering før det servar. Ballen skal slåast med éi hand eller med kva som helst del av armen etter at han først er kasta opp eller sleppt frå handa (hendene), og før han rører ein annan del av kroppen til spelaren eller speleflata. Det er berre lov å kaste ballen opp eller sleppe han for serve éin gong.

Ballbehandling

Ballen kan røre alle delar av kroppen. Ein skal slå ballen, ikkje fange og/eller kaste han. Ballen kan sprette vidare i kva som helst retning. Han kan røre fleire delar av kroppen, under føresetnad av at desse berøringane skjer samtidig og i éi rørsle.

Feil ved ballberøring

  • Fire slag: Eit lag slår ballen fire gonger før laget returnerer han.
  • Slag med hjelp: Ein spelar får hjelp av ein medspelar eller gjer bruk av oppbygging eller gjenstand for å nå ballen innanfor speleområdet.
  • Føre ball: Ein spelar slår ikkje ballen, og ballen blir fanga og/eller kasta.
  • Dobbeltslag: Ein spelar slår ballen to gonger etter kvarandre, eller ballen rører ulike delar av kroppen etter kvarandre.
CC BY-NC-SASkrive av Kåre Mol.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2018

Læringsressursar

Volleyball