Hopp til innhald

Fagstoff

Undervisningsopplegg i volleyball

Volleyball kan brukast som aktivitet i skulen på mange måtar. Her får du nokre forslag der det blir lagt vekt på samarbeid, leik, reglar og grunnleggande teknikkar.
Hender som slår ein volleyball over eit nett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Til læraren

I denne ressursen finn du forslag til øvingar som du og elevane dine kan bruke i ei eller fleire økter. Øvingane skal gi moglegheit til å øve, prøve og bruke eigne ferdigheiter og kunnskapar for å fremme læring hos seg sjølv og andre. Dette krev at elevane samarbeider og hjelper kvarandre i læringsprosessen. Sentralt ligg inkludering, anerkjenning og respekt for kvarandre og for reglane i spelet. Utgangspunktet er volleyball som aktivitet og funksjonell bruk av grunnleggande teknikkar.

Denne ressursen er lagt opp til at elevane skal lære av kvarandre, og dermed kan heile økta eller delar av økta gjennomførast med læringspartnar. Sjå òg ressursane for basketball, badminton og innebandy for inspirasjon og forslag til undervisningsmetodar.

Ta gjerne ein prat med elevane om læringsmåla i starten av økta og repeter undervegs.

Læringsmål

Målet for øktene er at du skal

  • forstå og bruke utvalde reglar i spel

  • trene på, utvikle og bruke grunnleggande teknikkar som serve, baggerslag, fingerslag og smash i øvingar og spel

  • medverke til læring for andre ved å gi positive og konstruktive tilbakemeldingar og ved å bruke teknikkane til å vere ein god læringspartnar

  • reflektere over korleis volleyball påverkar og utviklar koordinasjon, styrke, rørsleevne og uthald (tillegg for vg2)

Førebuing

  1. Les fagartikkelen "Reglar for volleyball".

  2. Sjå på filmar om volleyballteknikkar.

Filmar om volleyballteknikkar

Oppvarming

Spring posisjonane på volleyballbanen

Start i serveposisjon. Jobb framlengs, sidelengs og baklengs.

Hovud, skulder, kne og ball

Legg volleyballen på ein strek med ein elev omtrent ein halvmeter unna på kvar side av ballen. Læraren seier namnet på ein kroppsdel, og elevane skal då plassere hendene på rett stad, til dømes hovud, kne eller tå. Når læraren seier "ball", gjeld det å vere først til å ta ballen.

Fingerslag mot basketkorg

Alle elevane har kvar sin ball. Kast ballen opp til deg sjølv og prøv å skåre mål i basketkorga. Her kan de òg jobbe i par, og då kan partnaren kaste ballen opp til deg.

Rullering med baggerslag

Del inn klassen i lag med fire–seks på kvart lag, og still laga opp på rekke, frå til dømes angrepslinja til baklinja, med ansiktet mot nettet. Den første i rekka snur seg sånn at denne står med ansiktet mot resten av dei andre, og kastar ballen til den første i rekka. Den første i rekka slår eit baggerslag tilbake og deretter legg hen seg ned på magen. Hald fram slik til den bakarste i rekka. Denne tek med ballen, spring og stiller seg fremst i rekka.

To sirklar

Lag ei indre og ein ytre sirkel med seks–åtte kjegler i kvar sirkel. Elevane i den indre sirkelen står med ballen.

  • Fang ballen.

  • Slå baggerslag tilbake.

  • Slå fingerslag tilbake.

Stiv heks med ball

Ein eller to i gruppa har sisten og skal prøve å ta dei andre. Om du blir teken, må du stå i ro med litt avstand mellom beina. For å frigjere nokon må du sprette ein ball mellom beina deira.

Bli kvitt ballen

Del inn i lag på seks elevar som stiller seg på kvar sin halvdel av volleyballbanen. (Talet på spelarar og banar må tilpassast gruppestorleiken.) Set ei tidsgrense, til dømes tre minutt. Det er om å gjere å ha færrast ballar på sin halvdel når tida er ute. Bruk ulike typar ball:

  • Volleyballar må servast over frå baklinja.

  • Softballar må kastast over frå baklinja.

  • Basketballar må skytast over med grunnskot frå angrepslinja.

  • Fotballar må sparkast over frå angrepslinja.

Hovuddel

Still deg bak rekka

  • Lag to rekk med fire–seks elevar i kvar rekke.

  • Varier mellom baggerslag og fingerslag. Etter at du har slått eit slag, stiller du deg bak di eiga rekke, eventuelt bak den andre rekka. Kva må du gjere for at den neste som skal slå, får det enklast mogleg?

Tre mot tre, halv volleyballbane

  • Dann lag med tre mot tre på halv volleyballbane. Øv på mottak, opplegg og avslutning. Start med at det eine laget kastar ballen over nettet, det skal vere enkle mottak. I staden for å smashe, avsluttar framspelaren med fingerslag over til det andre laget. Roter plassar etter kvar runde eller etter eit visst tal slag.

Tre mot tre på badmintonbane

  • Bruk badmintonreglar for serve.

  • Det er berre lov med baggerslag.

  • Ballen kan sprette i golvet ein gong per ballveksling.

King of the court

  • Fem lag speler i tre rundar. Dei to første rundane varer i 15 minutt, mens den siste runden går til eitt av laga har fått 15 poeng.

  • Etter kvar runde går laga med færrast poeng ut slik at det er tre lag som er igjen til finalerunden.

  • Del volleyballbanen inn i ei kongeside og ei utfordrarside.

  • Utfordrarlaget startar alltid med serven. Vinnaren av ballvekslinga stiller seg på kongebanen.

  • Laget ditt får berre poeng når de står på kongesida.

  • Utfyllande reglar finn du på nettsida King of the Court.

Avslutning

  1. Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar fekk du av læringspartnaren din?

  2. Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar gav du til læringspartnaren din?

  3. Plukk ut ein del frå timen i dag der du lærte noko nytt eller lærte noko endå betre.

  4. Korleis lærte du det?

  5. Kan du hjelpe andre å lære det òg, i så fall korleis?

  6. For vg2: Kva fysiske eigenskapar bruker du når du speler volleyball?

Undervisningsforslag for ulike trinn

Under finn du forslag til korleis økter med volleyball kan gjennomførast på dei ulike trinna.

Vg1
  • Gjennomfør fire til seks undervisningsøkter der heile timen eller delar av timen blir brukt saman med læringspartnar og/eller fleire.

  • Vel ut ein eller to teknikkar du/de ønsker å trene på. Kva er viktige element for å lykkast med teknikken(e) du/de har valt? Bruk filmane i denne ressursen dersom du/de er usikre.

  • Gå saman med ein læringspartnar.

  • Gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar undervegs retta mot teknikkane du/de har valt.

Vg2
  • Gå saman med ein læringspartnar.

  • Vel ut ein eller to teknikkar de ønsker å trene på.

  • Gjennomfør fire til seks undervisningsøkter der heile timen eller delar av timen blir brukt saman med læringspartnar og/eller fleire.

  • Kva koordinative eigenskapar har du jobba med denne økta? Diskuter med partnar. Forklar når du har brukt dei ulike eigenskapane.

  • Korleis og i kva øvingar har du brukt eigenskapane styrkje, uthald, rørsleevne og koordinasjon?

Vg3
  • Vurder din eigen kompetanse i den valde aktiviteten.

  • Gå saman i ei læringsgruppe der alle har valt den same teknikken. Plukk ut tre viktige element i kvar teknikk. Bruk filmane på denne sida viss de er usikre.

  • Vel ut ein eller fleire teknikkar du ønsker å øve på og utvikle.

  • Film teknikkane/rørslemønstera du vel, og beskriv munnleg kva du ønsker å øve på og utvikle.

  • Film øvingane du bruker for å utvikle teknikkane/rørslemønstera. Beskriv øvingane og forklar kva som er viktig å fokusere på i gjennomføringa.

  • Film teknikkane/rørslemønstera i funksjonell bruk.

CC BY-SASkrive av Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021

Læringsressursar

Volleyball