Reflekter over korleis desinformasjon påverkar demokratiet
Mange land i verda førebur seg no på å møte utfordringar som kjem av global oppvarming. Til grunn for dette ligg vitskaplege data frå klimaforskarar.
- Kva argument vil de bruke i ein debatt der ein motdebattant hevdar at global oppvarming berre er tull, sidan det er kuldegrader og fint skiføre der han eller ho bur?
I samband med covid-19-pandemien og presidentvalet i USA hausten 2020 valde nokre amerikanske TV-selskap å leggje inn informasjon på skjermen når dei meinte det blei sett fram falsk informasjon. Twitter og Facebook merkte òg innlegg viss dei meinte at avsendaren bevisst fordreidde fakta om covid-19 og legitimiteten til valresultatet.
- Var det riktig av amerikanske medium å gjere dette?
- Kva ville skje dersom NRK og TV 2 la inn slik informasjon på skjermen når statsministeren talte?
I mellomkrigstida spreidde nazistane falske historier om korleis jødane planla å rane til seg overherredømme i verda, og utvikla "vitskaplege" raseteoriar som demoniserte jødar. Slike førestillingar hadde florert i Europa i fleire hundre år, og dei lever framleis.
- Søk på internett etter informasjon om kva eigenskapar nazistane tilla den jødiske rasen.
- Kva konsekvensar fekk det?
- I dag blir det spreidd liknande desinformasjon om muslimar i Europa og USA. Finn døme på falske nyheiter om muslimar som er publiserte i Noreg.
Lytt til medieforskar Bente Kalsnes i denne podkasten frå 2020:
Hva er falske nyheter og hvor bekymret bør vi være?
- Noter stikkord undervegs, og samanlikn notata dykkar.
- Lag ei felles liste over dei fem viktigaste tinga de lærte av å lytte på denne podkasten. Presenter lista for klassen.
Relatert innhald
I eit velfungerande demokrati tek vi avgjerder på grunnlag av sanning og fakta. Kva skjer når nye medieplattformer spreier desinformasjon?