Korleis avsløre ein konspirasjonsteori?
Det er ikkje uvanleg at menneske planlegg ting i skjul og held noko hemmeleg for andre. Her er det viktig å skilje mellom
konspirasjonsteoriar, som er ei nemning vi bruker om tvilsame forteljingar om skjulte samansverjingar der påstandar er dårleg dokumenterte, faktagrunnlaget er tvilsamt og argumentasjonen ofte er lite logisk
verkelege samansverjingar som har blitt avslørte, til dømes sikkerheitstenester som i løyndom har spionert på og overvakt si eiga befolkning, eller tobakksindustrien, som har villeidd offentlegheita om potensielle skadeverknader av produkta sine
Verkelege konspirasjonar og samansverjingar eksisterer, men dei kan avslørast. Til dømes har grundige undersøkingar eller såkalla varslarar avslørt samansverjingar der bedrifter eller styresmakter har vore involverte. Avsløringane av slike samansverjingar må dokumenterast grundig, samanhengar må visast i tilstrekkeleg detalj, og bevisa må peike i same retning. Kjenneteikn ved verkelege konspirasjonar er at dei gjerne er mindre omfattande og dårleg planlagde, og at dei som står bak, legg igjen spor.
Rimeleg spekulasjon eller sunn skepsis kan avsløre nokon som har konspirert, mens konspirasjonstenking sjeldan avslører verkelege samansverjingar. Dette er fordi konspirasjonstenkarar har ein overdriven skepsis som gjer at dei konstruerer samanhengar, ignorerer enkelte bevis og tilpassar andre til sin eigen teori. På denne måten skaper dei ein konspirasjonsteori.
Det er veldig menneskeleg å sjå intensjonar og samanhengar som ikkje er der, og forskarar trur evolusjon har bidrege til dette.
Det finst mange ulike typar konspirasjonsteoriar. Dei mest omfattande teoriane kan ta utgangspunkt i nesten kva fenomen som helst og byggast opp etter tre enkle prinsipp:
Ingenting er det det gir seg ut for å vere.
Ingenting er tilfeldig.
Alt heng saman med alt.
Slike tankesett bidreg til at det er visse kjenneteikn på konspirasjonsteoriar. Desse kjenneteikna kan vi bruke for å sjekke om noko verkar rimeleg eller urimeleg.
Konspirasjonsteoriar avviser etablert kunnskap og fornektar den "offentlege" sanninga. Enkelte karismatiske menneske som trur på konspirasjonsteoretikarar, kan gi inntrykk av å vere alternative ekspertar, og dei stiller mange spørsmål, ofte for å så tvil om andre forklaringar.
Konspirasjonsteoriar er baserte på tvilsame fakta og upålitelege kjelder. Fakta og samanhengar som blir presenterte, kan vere feil, og i mange tilfelle er dei oppdikta. Konspirasjonsteoriar viser ofte til andre konspirasjonsteoriar, og når kjeldene er dikta opp, kan dei vere vanskelege å sjekke.
"Kven tener på det?" For å avsløre moglege konspirasjonar og samansverjingar må ein etterforske ulike motiv og aktørar grundig. Alt må bevisast og dokumenterast. Konspirasjonsteoretikarar, derimot, kjem gjerne med skuldingar mot grupper dei allereie misliker, og grunngir teorien sin med at desse gruppene har tent på det som har skjedd. Men det at ei gruppe tener på noko, er ikkje nødvendigvis eit bevis for at dei står bak.
Konspirasjonsteoriar er kjenneteikna av ei overdriven mønsterattkjenning. Vi menneske er gode på å finne mønster og samanhengar, men konspirasjonsteoretikarar er overdrive tilbøyelege til å finne dei. Dei ser gjerne samanhengar som ikkje finst, fordi ting liknar på kvarandre eller har noko tilfeldig til felles.
Dei som trur på konspirasjonsteoriar, er i stor grad tilbøyelege til å tru at det finst ein vond vilje bak hendingar. Kompliserte årsakssamanhengar blir ofte reduserte til ei enkel forklaring, der ein skjult elite eller ein øydeleggande minoritet trekker i trådane.
Konspirasjonsteoriar kan svare på dei fleste motargument med at bevisa blir haldne skjulte av konspirasjonen. Fråvær av bevis på ein konspirasjon blir dermed brukt som eit bevis på at det eksisterer ein konspirasjon. Dette blir blanda med bruk av bevis frå vanleg forsking som konspirasjonsteoretikarane liker. Det som ikkje passar, blir avvist som ein del av dekkoperasjonen.
I mange tilfelle er sunn skepsis og kritisk tenking nok til å avsløre konspirasjonsteoriar, men ikkje alltid. Nedanfor får du nokre tips til kva du kan gjere for ikkje å bli lurt av ein konspirasjonsteori.
Eit godt utgangspunkt for å avsløre ein konspirasjonsteori er å sjå etter dei seks kjenneteikna som er presenterte ovanfor. Du må alltid spørje deg sjølv om dokumentasjonen du får presentert, er produsert på påliteleg vis. Er argumenta solide, eller kjenner du igjen trekk ved konspirasjonstenking? Jo fleire kjenneteikn du kjenner igjen, jo mindre bør du stole på det du les.
I mange tilfelle vil auka kunnskap om ei hending avsløre ein konspirasjonsteori. Det er derfor alltid lurt å undersøke fleire kjelder til same sak eller hending. Blir kjelda du undersøker, rekna som påliteleg av dei som har kunnskap om temaet? Det finst informasjonskanalar som spreier usanningar og tull. Sjekk alltid kven kjelda er, og kvar informasjonen kjem frå.
Er opphavet for kjelda ein person som veit noko om den aktuelle hendinga? Konspirasjonsteoretikaren Alex Jones spreier til dømes mange ulike teoriar om det meste, utan å vere i ein situasjon som skulle tilseie at han sit på meir informasjon enn andre.
Prøver forteljinga å manipulere kjenslene dine? Ofte prøver konspirasjonsteoriar å skape fiendebilete. Det gjer dei gjerne ved å bruke språk, videoar eller fotografi som tydeleg framstiller ein elite eller ein minoritet negativt. Blir du irritert eller sint, gløymer du kanskje å tenke kritisk.
I kva grad er hendinga eller saka undersøkt? Det finst mange døme på at konspirasjonsteoriar eller rykte oppstår mens ei hending enno går føre seg. Det er naturleg å spekulere om noko som ikkje er tilstrekkeleg bevist, men det betyr ikkje at det er sant.
I filmen nedanfor bruker den irske forskaren David Robert Grimes matematikk som bevis på kvifor mange konspirasjonsteoriar ikkje kan vere sanne.