Hopp til innhald
Fagartikkel

Falske nyheiter – ei gammal sanning

Falske nyheiter, propaganda og desinformasjon er ikkje noko nytt. Men kva er eigentleg falske nyheiter? Kva konsekvensar kan formidling av falske nyheiter få? Og kva kan du gjere med dette problemet?

Falske nyheiter har eksistert så lenge vi har hatt nyheitsmedium. I gamle dagar kalla ein det for vandrehistorier eller «avisender». På 1780-talet var aviser som The Morning Post og The Morning Herald kjende for slarv om politikarar og kjendisar.

Propaganda og desinformasjon har alltid vore, og er framleis, eit viktig våpen i krigar og konfliktar. Hiram Johnson sa under første verdskrigen i 1917: «Krigen sitt første offer er sanninga.» Skilnaden no er at falske nyheiter spreier seg så raskt, og det er lett å forkle falske nyheiter som reelle nyheiter når dei blir formidla digitalt.

Falske nyheiter dukkar opp overalt: i TV, i aviser, på nettstader og i sosiale medium. Som storforbrukar av sosiale medium kan du faktisk vere den som bidreg til at falske nyheiter blir spreidde via «likar» eller deling. Men det vil også seie at du kan bidra til å stoppe dei.